Kommentar

Eit val utan demokrati

Pakistan har hatt parlamentsval denne veka. Valet vil neppe løysa nokon av problema i landet, og det vil heilt sikkert ikkje gjera landet meir demokratisk.

Den tidlegare cricketspelaren og statsministeren i Pakistan, Imran Khan, og kona Bushra Bibi heldt pressekonferanse før ei rettssak i høgsteretten i Lahore i juli 2023. Sidan er dei båe sikta og dømde for både likt og ulikt, og avskorne frå politisk makt både ved det pågåande parlamentsvalet i Pakistan og det neste.
Den tidlegare cricketspelaren og statsministeren i Pakistan, Imran Khan, og kona Bushra Bibi heldt pressekonferanse før ei rettssak i høgsteretten i Lahore i juli 2023. Sidan er dei båe sikta og dømde for både likt og ulikt, og avskorne frå politisk makt både ved det pågåande parlamentsvalet i Pakistan og det neste.
Publisert

Då dei pakistanske veljarane gjekk til valurnene torsdag i denne veka, sat vinnaren av det førre parlamentsvalet, eks-statsminister Imran Khan, i fengsel. Han er mellom anna dømd for å ha leke statlege løyndomar ut i det offentlege. Den siste domen fekk Khan for få dagar sidan. Saman med kona si, Bushra Bibi, blei han dømd til sju år i fengsel.

Det som skjedde i samband med denne domen, seier mykje om både den pakistanske staten i dag og om ekteparet Imran Khan og Bushra Bibi: Kona til den no avsette pakistanske statsministeren går med nikab, altså skjuler ho ansiktet sitt heilt med unnatak av augo. Dette teiknet på islamsk rett-tru var til lita hjelp då dei båe to nyleg blei trekte for retten.

Ugyldig ekteskap

Klagemålet denne gongen var at ekteskapet mellom dei ikkje var gyldig. Dei gifta seg i 2018, etter at Bushra Bibi hadde vore gift med ein annan mann fram til 2017. Ifylgje islamsk lov må ei fråskilt muslimsk kvinne venta i tre månader før ho giftar seg med ein ny mann, slik at ein er sikker på kven som er far til det nye barnet som kanskje blir født. Denne såkalla iddah-fristen hadde dei brote då dei gifta seg, meinte domstolen. Straffa var altså sju år i fengsel.

Bushra Bibi er 49 år gamal, så ho rekk nok å sona denne domen. Men mannen hennar, den tidlegare cricket-stjerna og statsministeren Imran Khan, er 71 år. Om han skal sona denne domen, dei andre domane han har fått, og dei domane han mest sannsynleg får i nær framtid, slepp han aldri ut av fengselet. Dei militære har då, saman med store delar av den politiske eliten i Pakistan, eliminert leiaren av partiet som samla kvar tredje veljar i det førre valet, i 2018.

Fredeleg overføring

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement