Kommentar
Evig ung
Er aldring eigentleg sjukdom?
Teikning: May Linn Clement
Det var fredag kveld, eg trong eit middel mot augekatarr og søkte febrilsk etter hjelp på nettet. Fanst det ein måte å unngå timevis i kø på ei legevakt dagen etter?
Puh! Det gjorde det. For nokre hundrelappar kunne ei døgnopen digital legevakt på få minutt tilby meg resept på nett dei augedropane eg trong. Kvifor visste eg ikkje om dette tilbodet? Nysgjerrig klikka eg meg inn på menyen for å sjå kva anna denne for meg nye legevakta kunne tilby.
Ho såg ut til å spesialisere seg på tilstandar som er lette å diagnostisere og skrive ut legemiddel for, som eksem, urinvegsinfeksjon eller skabb. Men, hei, kva var dette? Dei kunne også hjelpe meg med «rynker og solskadd hud». Eg las: «Kosmetikkmarkedet oversvømmes av lite virksomme kremer mot rynker. Her kan du få resept på retinoid-krem som faktisk fungerer.»
Nye hudceller
Fleire klikk seinare hadde eg lært litt meir om verkestoffet. Det skal visstnok få hudcellene til å dele seg og døy raskare. Slik vert dei erstatta av nye celler. Eg vart fascinert og litt indignert. Fascinert over at det faktisk finst middel som ser ut til å gjere huda yngre (rett nok med lite freistande biverknader, som sår hud og flass). Indignert over at ei rekkje nettlegevakter pushar middelet på nettsidene sine, som om det skulle vere ein nødvendig medisin. For rynker er jo ikkje ein sjukdom som skal lækjast, men ei naturleg følgje av å få leve lenge… eller?
Eg skal ikkje leike from. Omtrent samtidig med indignasjonen, kom tanken: Skal eg skaffe meg denne resepten her og no? Eg nærmar meg 48 år, så sjølvsagt har huda mi rynker – orsak, solskade. Eg var nær ved å plassere ein resept i handlekorga, då eg kjende ein motvilje, nett sterk nok til å la det vere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.