Kommentar
Korkje siger eller tap i Ukraina
Ukraina får – endeleg – ei ny amerikansk støttepakke. Men det inneber ikkje at Russland går mot eit militært nederlag.
Teikning: May Linn Clement
Etter heftige debattar, ikkje minst internt i Det republikanske partiet, blei hjelpepakka på 60,7 milliardar dollar denne veka stadfesta av Senatet.
Om lag samstundes kom det meldingar frå Brussel om at Nato-sjef Jens Stoltenberg vil sikra hjelpa frå dei europeiske medlemsstatane. Frå eit fond på 100 milliardar euro skal Ukraina henta militær hjelp dei neste fem åra. Stoltenberg fortalde òg at fleire medlemsland kvar for seg skal levera luftvern til ukrainarane, mellom anna Patriot-missil. I tillegg har fleire Nato-land, mellom anna Tyskland og Noreg, lova å forsterka innsatsen.
Hardt pressa soldatar
Nyhenda frå Washington og frå Brussel kom etter at dei ukrainske soldatane i fleire månader er blitt hardt pressa. Midt i februar i år måtte ukrainske avdelingar flykta frå byen Avdijivka fordi dei stod i fare for å bli omslutta av russiske styrkar.
Nett no står dei russiske styrkane utanfor byen Tsjasiv Jar, ei mil vest for Bakhmut. Det er venta at ukrainarane vil bli tvinga til å gje opp denne byen òg, slik at russarane får eit godt utgangspunkt for vidare framrykking.
I fleire veker har Russland bomba mål i Kharkiv, den nest største byen i Ukraina, og oppmoda folk til å forlata heimane sine. Måndag i denne veka øydela ein russisk rakett fjernsynstårnet i Kharkiv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.