Kommentar

Korleis skal me leva med Kina?

Det er berre å innsjå: Dei neste tiåra vil verdspolitikken stort sett handla om rivaliseringa mellom Kina og USA.

Publisert Sist oppdatert

I desember 2001 blei Kina medlem av Verdshandelsorganisasjonen, WTO. Framleis sat det eit etter forholda liberalt regime ved makta i Beijing. På vestleg side trudde ein at om Kina fekk handla meir med resten av verda, om fleire kinesarar fekk studera ved vestlege universitet, og om kontakten mellom Kina og omverda blei betre, då ville Kina bli eit mindre autoritært samfunn.

Trua på eit reformert Kina blei omfamna av heile den politiske eliten i dei vestlege landa. Diverre synte det seg ikkje rett, men det er vanskeleg å peika på kvar det gjekk gale. At det heile tida skulle ha funnest ein kinesisk konspirasjon som gjekk ut på å byggja opp landet økonomisk og militært, samstundes som ein lulla dei vestlege landa i svevn, er vanskeleg å tru på. Noko som likevel står fram som eit klart vendepunkt, er valet av Xi Jingping til ny partisjef i 2012.

Når ein i dag ser attende på dei snart ni åra Xi har sete ved makta i Kina, kan ein konstatera at noko nytt har skjedd. For fyrste gong sidan Mao Zedong tek Kina kampen opp mot den dominerande verdsordninga, bygd kring den økonomiske og militære makta til USA. Sjølv om Kina i dag har eit BNP som er berre om lag 70 prosent av det amerikanske, krev landet å bli anerkjent som verdas andre supermakt, ved sida av USA.

Kina avgjer sjølv

Statusen som supermakt har nokre implikasjonar: Viktige avgjerder på den globale scena må ikkje takast utan at Kina er rådspurt. Meir avgjerande er det at dei vestlege landa ikkje lenger skal få blanda seg inn i korleis det kinesiske kommunistpartiet styrer Kina. Og «Kina» tyder i denne samanhengen ikkje minst provinsane Tibet og Xinjiang, men også Hongkong og Taiwan, saman med Aust- og Sør-Kina-havet. Ingen skal heller få leggja hindringar i vegen for kinesisk eksport av høgteknologi eller økonomisk samkvem med tredjeland.

Ynskjer respekt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement