Kommentar

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.
Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.
Publisert

Eit kraftig åtak skaka hjartet av den libanesiske militante organisasjonen Hizbollah tysdag 17. september. Personsøkjarar som Hizbollah nyleg hadde skaffa, eksploderte samstundes. Åtaket råka hjartet av kommandostrukturen til Hizbollah, som nytta personsøkjarane for å sleppe unna etterretningsinnsamlingsmetodane til Israel og allierte.

Både mobiltelefoni og annan digital informasjon er eksponert for svært avansert etterretningsavlytting. Personsøkjarar er «steinalderteknologi» frå 1990-åra som derimot går under radaren. Hizbollah nytta personsøkjarane for å sørgje for kommunikasjon utan geolokalisering, fordi det lett resulterer i åtak frå israelske dronar eller missil. Personsøkjaråtaket øydela derfor truleg sentrale delar av det militære kommunikasjonssystemet til Hizbollah.

3000 minibomber

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement