Kommentar

Lang veg fram til forsoning

Den russiske toppleiinga slår fast at dei vil halda fram konflikten med Ukraina heilt til landet fell til fote. Dessutan er ikkje Ukraina nokon verkeleg nasjon, hevdar Kreml.

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare denne månaden offentleggjorde Dmitrij Medvedev, mannen som heldt presidentstolen varm for Vladimir Putin i åra 2008–2012, det han kalla fem tesar om Ukraina. I tesane går den russiske ekspresidenten direkte i strupen på den sitjande presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskij: «Den noverande presidenten av dette plaga landet er ein mann med visse etniske røter, som har snakka russisk heile livet», skriv Medvedev.

Omgrepet «visse etniske røter» viser til at den ukrainske leiaren har jødisk opphav. I store folkegrupper i den tidlegare Sovjetunionen er dette framleis kontroversielt, men ein skulle tru at ein russisk toppleiar ville halda seg for god til å spela på dette. Når ein les litt lenger ned i teksten, finn ein ut kvifor Medvedev trekkjer fram nettopp dette poenget: Av frykt for at eit nytt Maidan-opprør skal styrta også han frå makta, har Zelenskij selt seg sjølv til dei mest rabiate nasjonalistiske kreftene i Ukraina. «Det heile minner om ein vanvitig situasjonen der medlemmer av den jødiske intelligentsiaen i Nazi-Tyskland av idealistiske årsaker skulle ha bede om å gjera teneste i SS.»

Ganske drygt

Det Medvedev her gjer, er å samanlikna presidenten i den ukrainske staten med ein jøde i teneste for Hitlers verste terroristar. Å teikna opp eit slikt bilete, der den sitjande ukrainske presidenten blir slegen i hartkorn med nokre av dei verste forbrytarane i historia, er – mildt sagt – ganske drygt.

Dmitrij Medvedev, mannen som for nokre år sidan blei sett på som den mest liberale i den russiske leiinga, held fram: Ukraina er ein stat under utanlandsk kontroll. Den ukrainske regjeringa og dei væpna styrkane blir styrte direkte av EU og USA. Kontrollen over Ukraina er langt sterkare i dag enn det dei sovjetiske leiarane i si tid dreiv med overfor dei austeuropeiske satellittstatane. For Russland gjev det inga meining å forhandla med ein slik marionettstat. Det einaste som gjev meining, er å forhandla med dei som styrer han, altså USA og EU, slår han fast.

Og kva bør Russland gjera så lenge folk som Zelenskyj sit med makta i Ukraina, spør Medvedev. Absolutt ingenting, svarar han. Russland skal berre venta til det dukkar opp «ei tilrekneleg leiing» i nabolandet. Russland veit å venta. «Me er tålmodige folk», konkluderer han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement