Kommentar
Overlét ansvaret til mannen
Erna Solberg overlét til ektemannen å avgjere om aksjehandlane han gjorde, var av slik storleik at dei kunne gjere henne inhabil.
Då Erna Solberg vart grilla i Stortinget denne veka, vedgjekk ho ansvar for å ha vore inhabil og at ho kunne gjort meir for å unngå det.
Men: Ho viste stadig til «avtalen» ho inngjekk med ektemannen Sindre Finnes då ho vart statsminister 2013. Etter den munnlege avtalen skulle han informere henne om større aksjehandlar, kjøp eller sal, som kunne skape habilitetsproblem for henne som statsminister. Elles kunne han halde fram med kjøp og sal av aksjar, men ikkje dagshandlar (day-trading). Nokon definisjon om kva som ligg i større aksjehandlar, har Solberg ikkje sagt noko om korkje frå den tid «avtalen» vart inngått, eller under høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Lite tillitvekkande
Det er tankevekkande og lite tillitvekkande. Såleis meinte ho i 2021 at eit aksjeinnehav i Norsk Hydro til ein verdi av 150.000–200.000 kroner i 2021 ikkje gjorde henne inhabil i samband med at ho kunne gje Hydro ein fordel. I dag strekker ho seg så langt som til å seie at ho kanskje var inhabil, sett i lys av kva lovavdelinga i Justisdepartementet har uttala om Anniken Huitfeldts habilitetssak.
Dette fekk Frps representant komiteen, Carl I. Hagen, til å konkludere med at Erna Solberg hadde «outsourca» ansvaret for habilitetsvurderingar i første hand, rett nok til protestar frå Solberg, men med støtte frå SVs komitérepresentant, Audun Lysbakken, som bora vidare på temaet.
Solberg fekk spørsmål om kva ho faktisk hadde gjort for heile tida å ha oversikt over aksjetransaksjonane til ektemannen. Komiteen fekk unnvikande og lite presise svar. Solberg uttala tidlegare i haust til Klassekampen at ho ikkje ein einaste gong fann grunn til å stille spørsmål til ektemannen om aksjeinnehavet hans. Ho kunne ikkje «mistru» mannen sin, sidan dei hadde ein «avtale».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.