Kommentar
Putin sigrar, Russland taper
Vladimir Putins parti vinn – med god margin – det russiske parlamentsvalet om tre veker. Det inneber ikkje at alt står bra til med regimet han står i spissen for.
President Vladimir Putin og forsvarsminister Sergej Sjojgu opna det internasjonale militærforumet Army-2021 i Moskva 23. august.
Foto: Ramil Sitdikov / Sputnik / Kreml / Reuters / NTB
Alle pensjonistar og militære vil få ei eingongsutbetaling frå den russiske staten, gjorde Vladimir Putin kjent for få dagar sidan. Pensjonistane får 10.000 rublar (cirka 1250 kroner), og militære får 15.000 rublar (omlag 1900 kroner). Til saman vil 47 millionar russarar – rundt rekna 40 prosent av veljarfolket – nyta godt av pengane.
At politiske leiarar serverer valflesk til veljarane sine, er slett ikkje uvanleg. Men at noko nær halvparten av alle som skal stemma ved valet til ny nasjonalforsamling – Statsdumaen – den 19. september, får ein sjekk i posten, er meir særsynt. Regimet som Vladimir Putin står i spissen for, ligg langt ifrå på sotteseng. Men også Putin og folka kring han kan lesa meiningsmålingar, og dei skjøner at dei har eit problem.
Skal ein tru målingane, blir partiet til presidenten, Sameint Russland, støtta av mindre enn kvar tredje veljar. Går ein til Moskva by, er tala endå meir alarmerande: Her er det berre 15 prosent som seier at dei vil gje røysta si til det regjerande partiet.
Rett nok er meiningsmålingar i Russland ikkje pålitelege. I lang tid var Levada-senteret det leiande og mest respekterte sosiologiske instituttet i landet. For fem år sidan erklærte russiske styresmakter at senteret er ein såkalla utanlandsk agent. Å ha noko å gjera med Levada-senteret blei plutseleg risikabelt. Det seier seg sjølv at å utføra meiningsmålingar rundt i samfunnet, samstundes som ein er stempla som ein forbrytar, ikkje er lett. Likevel har Levada-senteret klart å halda fram med arbeidet sitt.
Ei taus stemme
Den stemma som derimot er blitt heilt taus, er den fremste opposisjonsgruppa i landet, nemleg rørsla til Aleksej Navalnyj. I desse dagane er det temmeleg nøyaktig eitt år sidan Navalnyj blei forgifta mens han sat på eit fly med kurs mot Moskva. Etter få dagar blei det gjeve løyve til at han kunne få dra til Tyskland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.