Kommentar
Religionskritikk i mangfaldssamfunnet
Vegen til krenking vert kort når grunnlaget for religionskritikk vert svekt.
Lytt til artikkelen:
I debatten etter drapet på læraren Samuel Paty har det vore gjentatt som eit mantra: Religionskritikk er eit gode, og noko alle ønskjer. Sjølv Islamnets eigen vekkingspredikant, Fahad Qureshi, fremja at muslimar må tole religionskritikk.
Samstundes er det god grunn til å spørje kva religionskritikk er i eit samfunn som vert stadig meir prega av komplekst mangfald. Dette gjeld ikkje minst i skulen, der anerkjenninga av mangfaldet er alfa og omega. Med nye læreplanar vert no historisk kunnskap om ulike religionar, og dermed grunnlaget for religionskritikk, svekt.
Kva vert rekna som legitim kritikk i mangfaldssamfunnet? NRKs religionskritiske satsing Brennpunkt: Guds utvalde no i haust, som tok for seg moderne kristne sekter, var med rette oppteken av viktige tema som tek utgangspunkt i menneskerettar: sosial kontroll og ekskludering, økonomisk snusk, indoktrinering av born og kontroll på seksualitet.
Sanning og løgn
Samstundes var det òg eit anna spørsmål eg festa meg ved. Det vart ikkje stilt av NRK, men av ein litt tvilande Smiths-ven som reflekterte over sitt eige trussamfunn: «Er det eigentleg sant?» Spørsmålet hans var ei interessant påminning. For sjølvsagt burde det vere relevant å spørje om noko er sanning eller løgn. Er det sant at moderne kristne sekter, som venene på Brunstad, mormonarane eller Jehovas vitne, har del i særskilte openberringar frå Gud? Eller, vil eg spørje, er dette ei vrangførestilling som kan forklarast ved å gå inn i historia til desse sektene?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.