¿ Sædløyse på tinget
Kva skjer når barnet vert eit velferdsgode?
?Det var full sal då Stortinget behandla endringar i bioteknologilova tysdag 26. mai 2020. I sak etter sak vann alliansen mellom Frp, Ap og SV fram.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Tysdag 26. mai vart ei rekkje endringar i bioteknologilova banka gjennom i Stortinget. I sak etter sak vann alliansen mellom Frp, Ap og SV fram: eggdonasjon, assistert befruktning til einslege kvinner, tilbod om fosterdiagnostikk til alle gravide og rett til befruktning med sæd frå avdød mann. Kva seier desse lovendringane om synet på barnet? Det er verdt å leggje merke til når framtidas reproduksjon vert staka ut.
Barnet har vorte eit velferdsgode. Dette kjem klårast fram i vedtaket om tilbod om assistert befruktning til einslege kvinner. Opphavleg var dette tilbodet, her forstått som inseminasjon med sæd frå ein donor, organisert for å hjelpe barnlause ektepar. Hensikta var å fullbyrde ein seksuell relasjon som naturleg skulle vore fruktbar, og tilbodet kvalifiserte difor som helsehjelp. I 2009 vart tilbodet utvida til å gjelde lesbiske par. Debatten gjekk om ein framleis kunne kalle det eit helsetilbod når det var friske, fruktbare kvinner som vart inseminerte.
Vel, her trumfa likestilling for lesbiske par behovet for ein far, og no vert tilbodet utvida til å gjelde alle kvinner som ikkje har nokon mann å få barn med. Den friske einslege kvinna har krav på helsetilbod for å få barn. Premissen for tilbodet ligg ikkje i ein sjukdom, og korkje i ein kjønna relasjon eller i ein juridisk relasjon. Kor ligg det då? Svaret er omsorgsevna.
Kortslutning
I grunngjevinga til lovendringa vert det slege fast at det er «egnethet og ikke sivil status som er avgjørende for om foreldre er gode omsorgspersoner». Det er slett ikkje vanskeleg å være einig i dette. Problemet er berre at slutninga ikkje er gyldig: «Det bør derfor åpnes for assistert befruktning for enslige». At nokon er gode omsorgspersonar og har eit sterkt ønske om barn, tyder etter mitt skjønn ikkje at staten pliktar å hjelpe dei med befrukting. Men ettersom premissen for foreldre-barn-relasjonen ikkje lenger ligg i biologi, men i omsorgsevne, vert dette logisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.