Kommentar

Særnorsk internasjonalisering

Få universitet i Europa er så internasjonale som dei norske. Dei to siste åra er 70–80 prosent av alle nytilsette ved HF på Universitetet i Oslo utlendingar. Men er vi vortne så internasjonale at vi ikkje lenger gjev rom for eigne, norske forskartalent?

Publisert Sist oppdatert

Debatt om universitetspolitikk er nesten eit årleg ritual. No sist har eit innlegg av leiaren for Akademisk skrivesenter ved Universitetet i Oslo, Ingerid Straume, vekt ordskifte. Ho meiner det er for få offentlege intellektuelle i Noreg. Det har ført til eit nytt ordskifte om internasjonalisering av norsk akademia.

Dei seinaste åra har om lag halvparten av dei nytilsette i vitskaplege stillingar ved Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo hatt utanlandsk bakgrunn, og i dei siste to har talet vore på mellom 70 og 80 prosent. Det melde leiinga ved HF i sumar.

Det er eit svært høgt tal om det syner ei allmenn utvikling. I 2018 hadde 29 prosent av det faglege personalet ved norske forskingsinstitusjonar utanlandsk bakgrunn, melde Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2020. Dette er over dobbelt så mange som i 2007. 80 prosent av desse var såkalla mobile forskarar med høg utdanning frå utlandet. Det er desse akademikarane denne kommentaren handlar om. Størsteparten av dei er tyskarar, deretter kjem svenskar og kinesarar.

Det er verdt å kaste eit blikk attende i tid for å forstå denne utviklinga.

«Innavl og kameraderi»

«Innavl og kameraderi ved Universitetet», var tittelen på ein kronikk av Ingunn Økland i Aftenposten i 2005. Ho meinte Universitetet i Oslo låg så langt unna internasjonalisering som mogeleg. «Unge forskere som ønsker fast stilling gjør kanskje klokest i å oppholde seg minst mulig i utlandet», skreiv ho og gav døme på tilsetjingsprosessar der interne, stundom underkvalifiserte, søkjarar gjekk framfor kvalifiserte søkjarar frå utlandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement