Kommentar

Skrivebordsskulen

Regjeringa har oppnemnt eit ekspertutval for sosial utjamning i skulen. No føreslår utvalet at barna skal trene på å handtere eigne kjensler. Det er på tide med nytenking.

Publisert

For nokre år sidan var eg journalist i ei avis. Leiinga snakka ofte om opplagstal, pengestraumar og lesing på digitale flater. Vi journalistar streva med eit produksjonssystem som gjorde at endelaust med tid gjekk med til pirk for å tilpasse sakene vi skreiv, til ulike format. Leiinga sette i gang eit storskala prosjekt for å utvikle eit nytt produksjonssystem.

Eit lag av dyktige digitale hovud vart sett på saka. Arbeidet tok fleire månader. Det vart nesten blåse fanfare i redaksjonslokala den dagen det nye systemet vart presentert. Jubelstemninga la seg raskt då det viste seg at det nye systemet var endå meir tungvint enn det gamle.

I etterkant, då alle sverta og steikte over tastatura, var det lett å sjå kva som hadde gått gale. Problemet var ikkje at systemet var utvikla av idiotar. Tvert om, alle involverte var svært dyktige. Problemet var berre at dei hadde gløymt å invitere dei som faktisk skulle bruke systemet, inn i prosessen.

Lukta av skrivebord

Då eg las rapporten om korleis barnehage, skule og SFO kan jamne ut sosiale forskjellar, som ei ekspertgruppe nyleg leverte til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, gjekk tankane til den produksjonssystemfadesen. Stavanger Aftenblad har gjort eit poeng ut av at det berre var to faggrupper som fekk plass i utvalet – økonomar og psykologar.

Det var ingen lærarar og slett ingen representantar for den gruppa som har ein sosial bakgrunn dei skal løftast ut av gjennom utdanningssystemet. Rapporten var milevidt unna slitne skulebygg, ADHD-diagnosar, slunkne matpakkar og dei høglydte raserianfalla frå alle gutane som ikkje passar inn. Han hadde ein umiskjenneleg ange av skrivebord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement