Kommentar
Skulifisering og standardisering
Nye reglar for studieopptak kan gje sterkt uheldige fylgjer.
Nye reglar for opptak til universitet og høgskular vil truleg gje plent motsette verknader enn kva forsknings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og regjeringa ønskjer i Stortingsmelding 20 (2023-24).
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Nye reglar for opptak til studium ved universitet og høgskular vil truleg gje plent motsette verknader enn kva ein ønskjer i Stortingsmelding 20 (2023–24), «Opptak til høgare utdanning».
Heretter gjeld berre karakterar for dei fleste, men dei som har gjort verneplikta, kan rekne seg eit tilleggspoeng, og dei med realfag frå vidaregåande to. Ein fjernar tilleggspoeng for alder og kjønn, for framandspråk i vidaregåande, for folkehøgskule, fagskule og anna høgre utdanning. Karakterkravet til matte forsvinn for sjukepleiarane.
«Trekkspeløkonomi»
Problemet med den mekaniserte tenkjemåten syner seg no klårt. I nærare 25 år har prioriteringa vore «gjennomstrøyming». Studentar som ikkje mekanisk maktar å bli ferdige etter planen, har representert eit problem for universiteta, særleg etter innskjerpinga av resultatfinansieringa frå 2011.
Det vil seie at institusjonane får løyvingar etter kor mykje ein har «produsert» av studiepoeng og forskingspoeng, utrekna automatisk, utbetalt to år etter oppnådde resultat. Det gjev ein «trekkspeløkonomi» for mange fagmiljø med vekslande tilstrøyming, brått har ein overflod av studentar og lite folk og pengar til å ta seg av dei, brått er det motsett, som nett no i fleire profesjonsfag, og då har ein ikkje midlar om to år.
Dette vil ein no få orden på med å prioritere studentar som er ferske frå vidaregåande, og skyve dei gjennom studia på normert tid. Men eit viktig problem er då oversett, både for studentane og institusjonane som tek imot dei: Overgangen frå vidaregåande skule til universitet er ofte sjokkerande, jamvel for dei flinkaste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.