Kommentar

Syndefallet til statsrådane

Habilitetssakene til Støre-regjeringa er eit godt høve til å totalrenovere regelverket og kontrollrutinane for regjeringa.

Publisert

Dei fleste regjeringar opplever at statsrådar må gå av som følgje av «skandalar» av ulik art. Sommarens habilitetssaker i regjeringa er likevel symptom på noko alvorleg. Tre statsrådar er skulda for å ha brote habilitetsreglar som skal hindre at dei sjølve eller vener kan oppnå ein særleg fordel. Alvoret ligg i at habilitetsreglar er fyrstelina mot korrupsjon. Straffelovrådet har peikt på samanhengen: «Sammen med habilitetsregler og andre bestemmelser bidrar forbud mot korrupsjon til at det i offentlig virksomhet ikke finner sted utenforliggende pa°virkning og derved uriktig tjenesteutøvelse.» Det er her vi er: I eit ullent grenseland mellom saksbehandlingsfeil og korrupsjon. Habilitetsreglane er der for å hindre at nepotismen rår i statsstyringa. Nepotisme i regjeringa er gift for tilliten til statsstyringa på alle nivå.

Det er naturlegvis ikkje fyrste gongen ei norsk regjering blir skulda for å gje seg og sine fordelar. Regjeringa Solberg fekk til dømes kritikk for å utnemne sin eigen forsvarsminister til fiskeridirektør, i strid med hevdvunnen praksis. Når vi no får tre nye saker på kort tid, kan vi ane ein systemsvikt og eit syndefall for styringa av kongeriket Noreg. I bibelforteljinga om syndefallet førte lovbrotet Adam og Eva gjorde, til at menneska forstod at dei var syndige og måtte frelsast. Som menneska i bibelforteljinga må statsrådar også frelsast. I ein demokratisk rettsstat er frelsa juridisk: reglar og kontroll.

Havarikommisjon

Så langt har statsminister Støre mint statsrådane om habilitetsreglane og sett ned ei arbeidsgruppe for å gå gjennom aksjereglane. Han bør sikte høgare og setje ned ein havarikommisjon for gå gjennom og revidere alt regelverk og kontrollrutinane for regjeringa.

Kontrollrutinane fyrst: Embetsverket må styrkjast overfor regjeringspolitikarane. Det spelar inga rolle at regjeringspolitikarane forvaltar eit demokratisk mandat, og at rolla til embetsverket er å hjelpe med å setje politikken ut i livet. Regjeringa må drive politikk innanfor rammene av lova. Lovstridig maktutøving er ikkje legitimt. Dersom embetsverket må velje mellom lojalitet mot statsråden og lojalitet mot lova, skal embetsverket vere lojalt mot lova.

Difor bør regjeringa gjere embetsverket betre i stand til å kontrollere embetsførselen til statsrådane og varsle i dei tilfella der statsrådane utfordrar lova. Saka til Trettebergstuen tyder på at innvendingar frå embetsverket i departementet ikkje alltid er tilstrekkeleg. Då må ein vurdere om Statsministerens kontor skal få ei tilsynsrolle overfor dei andre departementa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement