Kommentar
Thorbjørn Berntsen og krisa i Ap
Personorienteringa til Berntsen skuggar for politisk analyse.
Thorbjørn Berntsen var med på å sikre nei-resultatet i EF-røystinga 1972, men har no skifta standpunkt.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Nyss har Thorbjørn Berntsen atter uttala seg om kor greinalaust dårleg leiar Jonas Gahr Støre er, og dermed maktar han kan hende midt i statsbudsjettordskiftet igjen å flytte interessa frå dei framlegga med omfattande verknad som ligg i bordet, til ein ny persondebatt. Kan hende, men desse utspela får meir og meir ein gammal dåm.
Sosiologar har ofte nok fortalt oss at vi støtt tek på oss ei rolle, eller helst fleire til å skifte mellom. Ein særs trufast rolleinnehavar er Thorbjørn Berntsen. Han er verkeleg ein av våre fremste karakterskodespelarar. Framleis spelar han den vanskelegaste rolla nokon kan ha: seg sjølv.
Tronge kår
Arbeidarklassehelten voks opp i tronge kår, kom inn i industrien, utdanna seg til skipsrøyrleggjar, forlét så det berømte «gølvet» ved Akers Mek etter å ha gått gradene opp til formann for Oslo Jern og Metall. Som funksjonær i fagrørsla og sidan tillitsvald i partiet gav han inntrykk av å ikkje kome i klemme slik den typen byråkratar i arbeidarrørsla Kristofer Uppdal skildra i Dansen gjennom skuggeheimen, desse som snudde seg mot arbeidarane. På Stortinget, som nestleiar i Ap og som statsråd fekk han likevel arbeide for å gjere rolla si truverdig.
I fjernsynsstudio hasta han andpusten inn, somtid i siste liten, med litt for trong svart dressjakke, øvsteknappen i kvitskjorta open, slipset på skakke. Ein såg formeleg føre seg korleis han hadde hekta på seg dressen i garderoben etter å ha tørka av seg reinsekremen som tok olja av hendene.
Rollespelet verka sympatisk: ein medviten vilje til å vere folkeleg. Med ei viss interesse opna eg ei heilt ny bok med og om Thorbjørn Berntsen (Hva skjedde – og hva skjer? Thorbjørn Berntsen i samtale med Hans Olav Lahlum, Cappelen Damm). Dialog og merknader er gjennomskinlege, filterlause.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.