Kommentar

Trongen for bistand er framleis stor

Etter dei siste krigshandlingane i Afghanistan er det humanitære behovet endå større enn før. Halve folket lever i fattigdom.

Taliban-krigarar inntok og poserte i presidentpalasset i Kabul sist søndag.
Taliban-krigarar inntok og poserte i presidentpalasset i Kabul sist søndag.
Publisert

Av dei mange dramatiske bileta frå dei siste kaotiske dagane i Kabul står eitt fram: Taliban har innteke presidentpalasset og samla seg til fotografering for internasjonale medium.

På veggen bak dei heng eit måleri med eit tradisjonelt afghansk motiv. Det syner stormenn og krigarar som stig fram for å bli velsigna av ein religiøs skikkelse. Kanskje er det frå 1800-talet, og kanskje førebur dei seg til kamp mot erkefienden, britane? Samansetjinga av historiske og høgst noverande krigarar maner i alle høve til ettertanke.

Inneber det at Taliban vil ta Afghanistan tilbake til fortida? Kan vi vente oss ei styresmakt med steinharde bod mot eigne folk og ei fiendtleg haldning til den ikkje-muslimske verda? Blir det ein reprise frå dei vanskelege 1990-åra, då Taliban styrte landet fyrste gong?

Det vil vere eit feilgrep om USA og deira allierte, deriblant Noreg, straks svarer ja på desse spørsmåla og nok ein gong vender Afghanistan ryggen.

Fattigdomsreduksjon

For det fyrste er trongen for bistand framleis stor. Rundt 75 prosent av statsutgiftene er finansierte av straksbistand (per mars i år). Utan denne økonomiske hjelpa vil sentrale program innan helse, utdanning og utviklingsprogram på landsbygda stoppe opp. Tenestemenn i statsadministrasjonen på nasjonalt og lokalt nivå vil ikkje få betalt. Program som gjevarland har bygt opp og investert svære summar i dei siste tjue åra, vil falle saman.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement