Kommentar
Vill vest i villmarka
Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.
Teikning: May Linn Clement
Hyttefeberen vi har sett i den norske fjellheimen dei siste åra, har sett oss i ein situasjon der den norske villmarka med artsmangfald og urørt natur er under hardt press. To faktorar, som begge er djupt forankra i den norske folkesjela, har ført oss hit.
Den første handlar om kjærleik til naturen. Vi er mange som trivst i skogane, over tregrensa, ved stille fjellvatn og brusande elver. Den andre handlar om vår hang til sjølvstyre. Han sit langt inne i ryggmergen til dei fleste med eit snev av politisk engasjement. Vi er einige om at den som har skoen på, også veit kor han trykker, og at han difor også er den rette til å bestemme.
83 prosent av arealet i Noreg blir forvalta av kommunane gjennom plan- og bygningsloven. Noreg har aldri vore eit tett folkesett land, og på eit tidlegare tidspunkt har det nok verka som ein glitrande idé. I dag er det blitt ein drivar for ei massiv, irreversibel naturøydelegging av eit omfang vi ikkje eingong har fullt oversyn over.
200.000 fotballbanar
Det blir stadig fleire hytter og fritidsbustader i det langstrekte landet vårt. Det siste oversynet frå Statistisk sentralbyrå viser at talet er 448.805. Auken er på 8,6 prosent på ti år. Og alt, bortsett frå den høge styringsrenta, ligg til rette for vidare vekst. Eit oversyn Norsk institutt for naturforsking (Nina) laga i 2022, viser at det er sett av 1479 kvadratkilometer i gjeldande reguleringsplanar til vidare hyttebygging. Det er tre og ein halv gong det arealet som er i bruk til fritidsbustader i dag.
Om ein skulle rekne det om i fotballbanar, blir talet 200.000. Svært mykje av dette arealet ligg i sårbar natur. Det ligg over skoggrensa (57 kvadratkilometer), i strandsona (90 kvadratkilometer), i villreinens leveområde (109 kvadratkilometer) og i myr (131 kvadratkilometer). Skaden ei slik utbygging ville føre til for natur og dyreliv, kan vi berre ane omfanget av. Ifølgje Artsdatabanken er 90 prosent av artane på den norske raudlista over truga artar under press på grunn av arealendringar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.