Kommentar
¿ Vitskap og politikk i ei krisetid
Når pandemien er over oss, skal vi sjølvsagt søkja den beste vitskaplege kunnskapen. Men dei politiske og eksistensielle vala må vi sjølve ta ansvar for.
Lytt til artikkelen:
Dei siste dramatiske vekene har eg sete halvt fascinert, halvt skrekkslagen og surfa mellom norske, svenske, danske og internasjonale nettmedium. Som så mange andre har eg undra meg: Kva er det med Sverige?
I kampen mot koronapandemien har svenskane urokkeleg halde fast på ein strategi som skil seg frå det som skjer nær sagt overalt elles i verda. Endå meir påfallande er likevel måten dette vert grunngjeve på. Den som fører ordet no som nauda er størst, er ikkje statsministeren, men statsepidemiolog Anders Tegnell i Folkhälsomyndigheten. Han får stå fram for det svenske folket som vitskapens klåre røyst i ei verd full av redsle og irrasjonalitet. Bodskapen er klår: Medan politikarar i andre land lèt seg styra av kjensler, opinionstrykk og ein trong til å visa handlekraft, held Sverige seg til tiltak som ein har vitskapelig prov for at faktisk verkar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.