🎧 Inga undervising er nøytral
Kvifor vart klisjeen «inga undervising er nøytral» argumentet til dei som stør ei politisk omlegging ved Kunsthøgskolen i Oslo?
Av di skeptikarane er forgifta av «hvithet», som har manglande medvit om manglande nøytralitet som kjenneteikn.
Rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo, Måns Wrange, i brev til studentane: «Alla på KHiO som inte gör sig skyldig till någon typ av exkludering kan sträcka upp sin hand.»
Rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo, Måns Wrange, i brev til studentane: «Alla på KHiO som inte gör sig skyldig till någon typ av exkludering kan sträcka upp sin hand.»
Lytt til artikkelen:
I sumar har det vore debatt om ei føreslegen politisk omlegging av undervisinga ved Kunsthøgskolen i Oslo, der ein studerer opera, biletkunst, kunsthandverk, teater, dans og design. Eg kommenterer berre eit einskilt hovudargument og ikkje heile debatten, men ei kort oppsummering må med.
Fyrste runde
Ei studentgruppe har kravd ei politisk omlegging av undervisinga for å skulera kunststudentane i «dekolonialisering», «queer-teori», «interseksjonell feminisme», «kulturell misappropriasjon» og «hvithet».
Omstenda kring krava er politidrap i USA som har vore så «retraumatiserende for rasifiserte studenter» at høgskulen ikkje «oppleves som trygg». Omleggingsprosessen kan difor ikkje «settes på vent, den må igangsettes umiddelbart».
Rektor ved høgskulen har kome krava i møte med framlegg om snarast å utvikla ein treårig politisk handlingsplan.
Andre runde
Ei anna studentgruppe har kritisert planane som ei dreiing frå kunstnarleg til ideologisk skulering og åtvara: «På KHiO erstattes nå kunstfag og kunnskap med politisk aktivisme.»
Dei har fått støtte frå ein professor som har kalla omlegginga ein «maktovertakelse» i eit klima der «folk sensurerer seg selv».
Tredje runde
Korleis har dei som krev eller stør omlegginga, svart på skepsisen? Eitt sentralt argument går att som ein raud tråd.
Tilhengjarane kritiserer fyrst skeptikarane for å tru at undervisinga i dag er nøytral. Dinest slår tilhengjarane fast: Inga undervising er nøytral.
I ulike samanhengar nyttar dei same formuleringar. Det gjeld høgskulerektoren som i Morgenbladet 6. august i år vil «problematisere ideen om at det finnes en ‘nøytral’ undervisning i kunst og design».
Det gjeld ei gruppe tidlegare kunststudentar som i same avis 13. august retorisk spør: «Hvordan kan de tro at en utdanningsinstitusjon kan være nøytral?»
Det gjeld ein høgskuleprofessor som i Klassekampen same dag tek avstand frå «det perspektivet at vi kom fra noe som var fritt, åpent og helt u-ideologisk». Det gjeld ein forfattar som i same avis dagen etter gjer kjent at «kunsten og kunstfeltet har aldri vært ideologi- eller maktfritt».
Fjerde runde
Er det unisone argumentet relevant for Kunsthøgskolen i Oslo? Ja, utan tvil. Men det er òg relevant for alle andre kunstfaglege undervisingsstader.
Undervisinga er heller ikkje nøytral ved Tehran University of Art, ved Pyongyang University of Fine Arts eller ved Faculty of Art ved Sana University i Jemen.
Ikkje eingong ved internasjonalt renommerte kunstfaglege fakultet er undervisinga nøytral –?ikkje ved College of Architecture and Urban Planning i Shanghai eller ved Facultad de Arquitectura, Diseño y Urbanismo i Buenos Aires.
Argumentet er så relevant at det vert irrelevant. At ein høgskule ikkje er «nøytral», er i seg sjølv ikkje argument korkje for status quo eller for politisk omlegging.
«Hvithet» som gift
Kvifor vart då ei så inkjeseiande «skulding» til eit så sentralt og unisont argument i debatten? Av di ho er ei stråmannsskulding.
Går me frå argumenta til dei som stør politisk omlegging, til dei som krev omlegging, finn me ei meir spesifikk og offensiv skulding: Høgskulen er dominert av «hvithet» (som for ordens skuld «er en posisjon alle kan ha, uansett farge»): «Hvithet opprettholder makt til enhver pris.»
Skuldinga om «hvithet» gjev òg meir substans til skuldinga om manglande nøytralitet.
Di mindre medviten ein er om at ein ikkje er nøytral, di meir skadeleg er det, og ein sentral eigenskap ved «hvithet» er nett manglande medvit om at ein ikkje er nøytral – ei norm som ikkje ser at ho er ei norm.
«Hvithet» har òg ein minst like alvorleg eigenskap. Radikale ideologar i black lives matter-rørsla som har oppmuntra omlegginga, har teke til orde for å rekna «hvithet» som ei gift. Og kan ein sannsynleggjera at den noverande undervisinga ved høgskulen rett og slett er forgifta, er det eit langt sterkare argument for politisk omlegging enn berre «manglande nøytralitet».
Ideologi? Tradisjon?
Og ja –?høgskulen er naturleg nok prega av å ha vore kvit og vestleg. Han ligg i eit Sør-Noreg som geografisk høyrer til Vesten, og som historisk har vore prega av «hvithet» i uminnelege tider.
Kva er «hvithet»? Ein eigenskap ved «hvithet» er at ein ikkje skjønar kva det er, dersom ein er prega av det. Er det «vestlege verdiar»?
Ein «verdi» kan ein sjå som ein «ideologi» ein vil reinska ut med rota og erstatta med ein annan «ideologi», eller ein kan sjå på det som ein «tradisjon» ein vil ta vare på og utvikla vidare.
No skal eg vera sjåvinistisk: Av dei 70 landa eg har vitja i fem verdsdelar, er det diverre altfor få der eg har sett at tilhøva ligg så godt til rette for ei «identitetspolitisk» utvikling som i dei skandinaviske landa.
Så sentrale har jamstillings- og omfordelingsideala vorte i det offisielle Noreg at me i 2020 lyt sjå på dei som ein sentral del av «tradisjonen» eller «ideologien» vår, utvikla med medvit dei siste 200 åra, mogne for vidareutvikling.
Mange stader er diverre medvitet om manglande nøytralitet langt lågare og «hvitere» enn i Oslo. Ikkje at rektor skal dra til Teheran eller Sana med den treårige handlingsplanen sin, ein skal feia for eiga dør, men gjerne utan å ramponera huset.
Håvard Rem
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Undervisinga er heller ikkje nøytral ved Tehran University of Art eller Pyongyang University of Fine Arts.