JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Korkje siger eller tap i Ukraina

Ukraina får – endeleg – ei ny amerikansk støttepakke. Men det inneber ikkje at Russland går mot eit militært nederlag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

5817
20240426
5817
20240426

Etter heftige debattar, ikkje minst internt i Det republikanske partiet, blei hjelpepakka på 60,7 milliardar dollar denne veka stadfesta av Senatet.

Om lag samstundes kom det meldingar frå Brussel om at Nato-sjef Jens Stoltenberg vil sikra hjelpa frå dei europeiske medlemsstatane. Frå eit fond på 100 milliardar euro skal Ukraina henta militær hjelp dei neste fem åra. Stoltenberg fortalde òg at fleire medlemsland kvar for seg skal levera luftvern til ukrainarane, mellom anna Patriot-missil. I tillegg har fleire Nato-land, mellom anna Tyskland og Noreg, lova å forsterka innsatsen.

Hardt pressa soldatar

Nyhenda frå Washington og frå Brussel kom etter at dei ukrainske soldatane i fleire månader er blitt hardt pressa. Midt i februar i år måtte ukrainske avdelingar flykta frå byen Avdijivka fordi dei stod i fare for å bli omslutta av russiske styrkar.

Nett no står dei russiske styrkane utanfor byen Tsjasiv Jar, ei mil vest for Bakhmut. Det er venta at ukrainarane vil bli tvinga til å gje opp denne byen òg, slik at russarane får eit godt utgangspunkt for vidare framrykking.

I fleire veker har Russland bomba mål i Kharkiv, den nest største byen i Ukraina, og oppmoda folk til å forlata heimane sine. Måndag i denne veka øydela ein russisk rakett fjernsynstårnet i Kharkiv.

President Joe Biden etter at hjelpepakka på 60,7 milliardar dollar til Ukraina vart stadfesta av Senatet.

Elizabeth Frantz / Reuters / NTB

Byrjing på samanbrot

Det heile kunne sjå ut som byrjinga på eit ukrainsk samanbrot, på grunn av mangel på våpen, ammunisjon og mannskap. Eit samanbrot ville ikkje ha kome dei fyrste månadene, men på litt lengre sikt, kanskje til hausten.

Det var dette Mike Johnson, den republikanske speakeren for Representanthuset i USA, fekk melding om frå CIA-sjefen William Burns fleire gonger denne våren, slik at han – Johnson – skjøna at det var på tide med ei avstemming i Kongressen. Hjelpepakka blei vedteken med stort fleirtal i Representanthuset.

Det heftar likevel to problem med det som skjedde: At Putins soldatar var på offensiven, har vore klart i mange månader no. Ein trong ikkje venta til april 2024 for å finna ut det. For det andre stemde fleirtalet av dei republikanske representantane mot hjelpepakka.

Det som verda har fått sjå den siste veka, er at fleirtalet i det eine av dei to partia som styrer USA, i praksis går inn for å overlata Ukraina til Vladimir Putin, korkje meir eller mindre.

Mindre våpen

I den andre vestlege stormakta, Tyskland, er situasjonen ikkje heilt ulik. Der har kanslar Olaf Scholz heile tida passa på ikkje å trakka over det han trur er Putins raude liner. Difor har Ukraina fått langt mindre våpen og materiell frå Tyskland enn det ein kunne venta. I eit heilt år har Scholz klart å setja foten ned for at ukrainarane får Taurus-missil, noko som kunne ha endra krigens gang.

Dette inneber ikkje at Tyskland, USA eller resten av Nato-landa ikkje har gjeve hjelp til Ukraina. Ifylgje tenkjetanken ISW har USA og allierte før dei siste hjelpepakkene gjeve til saman 178 milliardar dollar – nær innpå 2000 milliardar kroner – i sivil og militær støtte. Problemet er at Vesten heilt sidan invasjonen i 2022 har teke feil av Russland og Vladimir Putin.

«Fleirtalet i det eine av dei to partia som styrer USA, går i praksis inn for å overlata Ukraina til Vladimir Putin.»

I Russland er heile samfunnet innretta mot å føra ein langvarig, imperialistisk krig. Vesten har på si side trudd på Putins propaganda om at dette var ein avgrensa militær operasjon, og at ein kunne slå Russland ved å senda nokre hjelpepakker. Og når så viktige instansar i Vesten som Det republikanske partiet i USA og den tyske forbundskanslaren sviktar i ein kritisk fase, då står Ukraina i fare for å tapa.

Den hjelpa som Ukraina får dei neste månadene, kan likevel vera nok til å halda frontlina stabil. Men ukrainarane vil ikkje vera i stand til å vinna krigen. Det er heller ikkje utsikt til at Putin blir avsett, eller at det blir noko opprør i Russland mot regimet. Krigen vil med andre ord halda fram. Mange tusen ukrainarar vil døy dei neste månadene. Fleire ukrainske bustadområde, kraftverk og annan infrastruktur vil bli øydelagde.

Vegen vidare?

Det må vera lov, slik krigen har utvikla seg, å spørja om vegen vidare. Om ikkje Vesten er viljug til å satsa meir for å støtta Ukraina, er det då rimeleg å halda fram med krigen? Ein kan gjerne også vera kritisk til den ukrainske innsatsen.

Med ein gjennomsnittleg alder på 43 år på dei ukrainske frontsoldatane kan ein spørja om den delen av det ukrainske folket som skal leva i landet i framtida – nemleg ungdomen – har synt seg viljuge nok til å forsvara seg? Vil det kanskje vera betre å avgrensa tapa og overlata delar av landet til Vladimir Putin?

Mange i Det republikanske partiet i USA, mange i den såkalla fredsfraksjonen i det tyske sosialdemokratiet og mange på den europeiske ytre høgre-fløya og delar av europeisk venstrefløy vil svara ja på dette spørsmålet. Problemet er at det neppe vil vera mogleg å slutta nokon fredsavtale med Putin. For det fyrste har han aldri synt seg interessert i fred. For det andre er det truleg at han vil sjå på ein fredsavtale som eit utgangspunkt for nye erobringar.

Problema blei løyste

Slik sett skil Ukraina-krigen seg frå alle dei konfliktane Vesten har vore involvert i sidan våpena stilna i Europa den 8. mai 1945. Anten det handla om krigar i Det fjerne Austen, i Midtausten eller på Balkan, blei problema etter kvart løyste gjennom diplomati eller ved å setja av ein slump meir pengar til våpen og forsvar.

Vietnamkrigen var rett nok eit politisk og militært jordskjelv, men det handla aldri om Vestens tryggleik. Ukraina er noko heilt anna, og difor er utfordringa mykje større.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis