Kommentar
Universitetsjåleriet
Norske utdanningsinstitusjonar brukar millionar på staffasje for å få ein universitetsstatus som gjev mindre og mindre meining.
Den tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) brukar no millionar på å endre logo og skilt etter namneendringa til OsloMet. Logoen som no prydar det gamle Frydenlund Bryggeri, ser ut som ein nedfallen kvist etter ein hauststorm. I sommar har det kome opp fleire store skilt på fasadane ved høgskulen der det engelske namnet står fyrst og størst.
Ein av dei mange PR-folka til rektor Curt Rice, kommunikasjonsdirektør Sverre Molandsveen, forklarar at det heile er grundig gjennomtenkt. Men skiltinga er, som fleire har peikt på, i strid med vedtaket som regjeringa gjorde. OsloMet – storbyuniversitetet er namnet, ikkje Oslo Metropolitan University.
For alle andre enn Rice og koppelet hans av informasjonsmedarbeidarar er det sjølvsagt at eit norsk universitet ikkje skal skilta bygningane sine med engelske namn. Men informasjonsdirektøren seier at «det bare er positivt at mange engasjerer seg i hvordan universitetet vårt framstår». Eit typisk inkjeseiande svar som informasjonsbransjen er spesialistar på. Men eit slikt svar kan vel ikkje kunnskapsministeren godta?
Potemkin-kulissar
I årevis har HiOA søkt om universitetsstatus, ei nemning som for lenge sidan slutta å ha meining anna enn som ein Potemkin-kulisse kring dei gamle, aktverdige høgskulane som hadde klåre oppgåver og tydeleg identitet. I jaget etter ein tom universitetsstatus skjer det ei akademisering som trugar kjernen til yrkesfaga. Dette har mange peikt på. Ta sjukepleiarutdanninga som døme: Språket i lærebøkene ved sjukepleiarstudiet ved HIOA har lenge vore latterleg. Den tidlegare Dagbladet-meldaren Cathrine Krøger, som har vore student der, har gjeve døme på uforståeleg, sjargongfylt og orwelliansk nytale som ikkje er anna enn ein indikasjon på fagleg utryggleik. Skal denne narraktige og framandgjerande tendensen bli norma for dei andre faga ved høgskulen òg?
Det er gått inflasjon i omgrepet «universitet». Dette er ein prosess driven av suksessive regjeringar, og han har viska ut den arbeidsdelinga mellom universitet og høgskular som låg til grunn for høgskulereformene. Og regjeringa og godkjenningsorganet NOKUT driv berre med sløv godkjenning på autopilot, utan at nokon spør om ikkje kriteria for universitetsstatusen har blitt lovleg slappe og ressursane spreidde lovleg tynt ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.