I Dag og Tid 6. august i år fortalde Siri Helle om den første soloseglturen sin: «Ein skikkeleg redd liten eventyrar reiser på sin fyrste solosegltur.» Her fekk eg æra av å opptre i ei lita birolle i eigenskap av ein person ho ser på som «maksimalt modig». Altså i motsetnad til forfattaren sjølv, som etter eiga vurdering berre kvalifiserer til «middels modig».
Dette har inspirert meg til å forfatte ein replikk, eller eit haleheng, om ein vil. Eg veit ikkje om det seier noko om å vere maksimalt modig, men det seier noko om maksimal frykt.
Stein P. Aasheim