Quiz

Hint for hint

Publisert

Kva krydder?

5 POENG: Dette krydderet kjem frå urta med same namn, ein toårig art i skjermplantefamilien. Den karakteristiske smaken er apiol, eit stoff i stengelen og blada.
4 POENG: Opphavet er middelhavslanda. Krydderet er allsidig, nytta i til dømes salaten tabbouleh og garnityret gremolata. Ein kan tyggje blada mot kvitlauksande.
3 POENG: Ein varietet sluttar på -rot, ein annan startar på blad-. Det var ein favoritt hos Ingrid Espelid Hovig.
2 POENG: Inger Hagerup personifiserte krydderet med «lysegrønn kjole og krusete hår».
1 POENG: Varieteten blad- finst i forma krus-, høgt elska av Tøfflus i Skomakergata.

Kva område i Oslo?

5 POENG: Dette området er truleg oppkalla etter Michael Wilhelm Sundt og eit hus som enkja hans forpakta i mange år. Førstnemnde døydde i 1759, berre 30 år gamal.
4 POENG: Det er mange forretningsbygg, utdanningsinstitusjonar og bygardar her. Namnet viser til at Sundt var offiser.
3 POENG: Området ligg i bydel Frogner og gjev namn til det store krysset der Bogstadveien møter Kirkeveien.
2 POENG: Uansett kva T-bane du tek frå Nationaltheatret i retning vest, er dette neste stopp. Kanskje skal du til Colosseum kino, eller kan hende Chateau Neuf?
1 POENG: Michael Wilhelm Sundt var major.

Kva selskap?

5 POENG: Dette selskapet har historie tilbake til 1647. Fram til 1996 var det ein statleg forvaltningsorganisasjon. Konsernsjef er Tone Wille. Ho er òg styreleiar i ein internasjonal bransjeorganisasjon.
4 POENG: Det er over 12.000 tilsette, og dei er eit vanleg syn rundt i landet. Det nasjonale museet for bransjen ligg på Maihaugen på Lillehammer, tidlegare i Oslo.
3 POENG: I dag har selskapet konkurranse frå til dømes Helthjem.
2 POENG: Den eine merkevara deira er for privatkundar. Den andre er for bedriftskundar og heiter Bring.
1 POENG: Ein annan konkurrent er PostNord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement