Quiz

Hint for hint veke 49

Publisert

Kva opphaldsplass?

5 POENG: Den sveitsiske presten Walter Bion vert kalla far til denne typen opphaldsplass. Han starta den første i 1876. Dei første i Noreg stod klare utanfor Tønsberg sommaren 1898.

4 POENG: Stikkordet sommaren er relevant. Dei utanfor Tønsberg heitte Karlsvika 1 og Karlsvika 2. Ordet er på elleve bokstavar.

3 POENG: Med auka velstand utover 1900-talet har dei fleste vorte historie. Lillebjørn Nilsen song om ein slik.

2 POENG: Tanken var å samle barn, gjerne frå byen, til eit sunt opphald på landet. Ikkje heilt ulikt leirskulen i dag.

1 POENG: «Husker du den gangen da vi gikk på folkeskolen,/ da sommer’n det var …».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement