Med lita skrift

180.no



  

Kataloghaiar i City Road Basin, London, England.
Publisert Sist oppdatert

Eg har nett vore på kurs med Pressas Faglege Utval og ville difor ikkje her drøyme om å påstå at desse kataloghaiane er «svindlarar». For då måtte dei etter paragraf 4.14 ha fått tilgang til samtidig imøtegåing, og tilsvarsrett i medhald av paragraf 4.15.

Men «dritsekker» kan ein til dømes kalla dei, Trygve Hegnar gjer det heile tida. «Dritsekk» er ei vurdering, og personlege vurderingar er lov, sa PFU-mannen. Då går eg for det.

180.no er såleis eit selskap drive av dritsekker. Diverre visste du ikkje det då du nett hadde registrert eit einskildpersonsføretak i Brønnøysund og same dag blei oppringd med gratulasjonar og tilbod om marknadsføringshjelp for det nye, vesle firmaet ditt på nettet. Til ein billig penge: Du får «Grunnpakke med digitalt visittkort» til 7900 kroner, med 70 prosent rabatt = kr 2405.

Men takkar du ja, kan du ikkje angra, for dei har samtalen med deg på band, opplyser support@180.no (sidan) om, og lydband er jamgodt med signatur, påstår dei. Då er det inkasso neste. Eller forliksrådet.

Om du då resignerer og betaler, som mange gjennom åra har gjort, kjem neste slag i andletet den dagen firmaet ditt får rekning for neste semester (då utan rabatt), for avtalen med 180.no held fram til han blir sagd opp, syner det seg. Når den rekninga kjem, er det nett blitt for seint å seia opp. Då skal dei fattige ha takk.

Du kan ikkje klaga til Forbrukarombodet, som er meint berre for privatpersonar. Men også firma har vern – av til dømes marknadsføringslova: Dritsekker som påstår at dei yter hjelp til firmaspirer, utan å opplysa om at det dei eigentleg driv med, er svindel – kan ikkje det kallast villeiande marknadsføring? Eg berre spyr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement