Klok på bok
Bli ved din Kleist
Førre fredag kom boklækjaren med ei temmeleg tynn
unnskyldning for å ikkje levere ferdaminne frå ein fagleg tung tur til Praha.
Etter ein særs stutt rapport frå fire fine dagar i Tsjekkia, var det ikkje
berre Inger Anne Hammervoll som etterlyste ytterlegare etterretning frå
Sentral-Europa, også rekneskapsføraren i Dag og Tid ville vete meir før det
kom på tale å sjå på kvitteringane frå vertshuset U Zlatého tygra.
Her vil eg
gjere merksam på at sjølv om det ikkje dominerer oversikta over kva som vart
konsumert, så blei det kvar kveld kjøpt peanøtter for over femti kroner på
åstaden. Eg er viss på at lesarane meiner det same som eg, nemleg at ein slik
diett, rik på vitamin, mineral og antioksidantar, er noko som burde utløyse
100 prosent kostgodtgjersle.
Så fekk me
det på plass og kan sjå på kva Gunder Runde har å seie. Han skriv: «Det er
ikkje så ofte at eg finn gode tips om Klok på bok-løysinga i tekstutdraget frå boka.
Men denne gongen gjorde eg det – det var noko kjent ved formuleringa 'utsvevelser på grunn av visse
moralske egenskaper'. I
første omgang berre eit vagt minne om ein fanatisk/strilyndt hovudperson, men
utan eit klart oversyn over forfattar/hovudperson/eigenskapar. Då er det lurt å
la problemet ligge og godgjere seg i det umedvitne lageret av minne.
Og jammen
dukka namnet Kohlhaas opp, og frå då av var det reine plankekøyringa. Boka har
tittelen Michael Kohlhaas, og forfattaren er sjølvaste Heinrich von
Kleist (1777–1811), ein kjend tysk romantisk dramatikar. Boka kom ut i 1810 og er
rekna som den kanskje best kjende av bøkene til Kleist. Hovudpersonen vert
snytt i ein handel med hestar, noko som fører til ein langdryg strid for å få 'rett', med adelsmenn, markgrevar og til og med sjølvaste
Martin Luther som andre hovudpersonar. Det går sjølvsagt gale med Michael
Kohlhaas, kona hans døyr, og etter eit mislukka opprør mot motstandarane sine vert han dømd til døden og avretta på ei av dei siste sidene i boka.
Det er
mangfaldige år sidan eg las boka, men ho gjorde inntrykk på meg, kanskje fordi
eg ante at også eg har eit stridlyndt gemytt? (Men heldigvis utan at det har
gått fullt så langt – sjølv om eg som barn var rekna for å vere 'stirrige'. Kanskje har livet ført til visse nedslipingar av 'stirrigheita'...) Mellom dei fem borna til
Kohlhaas er det to søner, nemleg Heinrich og Leopold.»
Robert Øfsti skriv: «Håkon Bleken,
som nyleg gjekk bort, var ein både lesande og skrivande bildekunstnar. Noko av
det han las og skreiv om, var forteljinga om hestehandlaren Michael Kohlhaas
som gjekk til krig for å få rettferd for hestane sine, kona si og drengen
sin. Og som fekk det – på skafottet. Kohlhaas 'eier den egenskap som i våre dager er totalt
utvisket: konsekvens',
skriv Bleken. Han har laga tre kolteikningar inspirerte av Heinrich von Kleist
sin roman. To av dei har hestar som motiv – den tredje ein kvinnefigur med eit
barn på armen – kan hende sonen Heinrich eller sonen Leopold. Det gjekk riktig
godt med begge to.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.