Frå innsida

Dans rundt båsen

Mange unisextoalett, som dette, er utsmykka med kunst som illustrerer praten i og utanfor båsane.
Publisert Sist oppdatert

Elendet tar jo ikkje slutt. Det er uendeleg lenge til 17. mai, og plutseleg er det haust igjen, og ein må på julebord og høyre på kjedelege takk-for-maten-talar.

Då er det godt at vi har underhaldning i form av telefonsamtalar på alle kantar.

Her ein dag var eg på do på ein pub der dei opererer med den spennande unisextoalettordninga der folk av alle kjønn må tole å krasje i dørene. I tillegg er skiljeveggane av den stutte typen – med luft oppe og nede, slik at du kan stikke hovudet under veggen og sjå opp på den som sit i båsen ved sida av.

Og du kan be naboen sende dopapir.

Sjølv var eg akkurat ferdig med ærendet mitt då nokon kom inn og valde båsen ved sida av min. Han låste, mens eg låste opp og gjekk ut. Ja, det var ein mann. Han kremta, og så sa han hei.

Mens eg vaska hendene og såg stygt på spegelen, snakka han tydelegvis i telefonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement