Kunngjeringar
Er det den karen?
Teikning: May Linn Clement
På flyplassen ventar Rune tolmodig saman med dei andre reisande. Det er umogleg å få augekontakt med ho som står bak skranken og stirar inn i ein skjerm. Dei fleste ventar stille, berre noko mumling her og der. Ingen ser ut til å glede seg til å reise.
Han støkk litt då ei stemme frå høgtalaren i taket oppmodar alle reisande om å passe på bagasjen og ikkje la noko bli ståande att. Dei masar om det heile tida. Rune klemmer litt ekstra i handtaket på trillekofferten.
Eigentleg var han litt seinare ute enn normalt, mest alle venteseta var opptekne. Berre nokre få enkle sete var ledige, men Rune set seg ikkje til mellom andre folk, så han stilte seg ved ei søyle og stod der og hang. Difor kunne ikkje mannen som kom frå toalettet, unngå å sjå Rune. Han nærmast ropar: «Er det den karen?»
Ein frykteleg blid sambygding som Rune ikkje kjenner, men som tydelegvis kjenner han. Det verkar som om heile familien skal på tur. Rune får ikkje tid å svare før mannen spør om han òg skal til Oslo.
– Ja, svarer Rune.
Men han har mest lyst å seie: «Nei, eg står her berre for moro skuld, ved gaten der flyet som snart skal til Oslo, ventar utanfor, heilt tilfeldig. Eg elskar flyplassar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.