Lita skrift

Erleria

– Eg får ikkje lov til å gå med treskor før etter 17. mai.
  

Publisert Sist oppdatert

– Eg får ikkje lov til å gå med treskor før etter 17. mai.

Undrande stoppa eg opp midt i leiken i friminuttet på barneskulen ein tidleg vårdag: Går det an å ha ein dato for kva tid ein kan gå med visse typar skor?

Ho som sa det, budde fram i dalen, som vi seier, sju–åtte kilometer frå fjorden der eg budde, så snøen låg naturlegvis lenger der ho høyrde heime.

Eg hugsar dragnaden mot fjorden ved påsketider. Eg ville heller på sjøen enn på ski. I mars–april hadde eg fått nok av vinteren. Eg ville ta ut sykkelen, kaste på stikka, hoppe tau, streke opp ein paradis, gå i låge skor og skuve robåten frå land.

Då eg nyleg fann fram att joggeskorne, kom eg til å tenkje på dette barndomsminnet. For ein lette å sleppe å gå i tunge vintersko! Det er som ei bør vert fjerna frå oklene, som loddet om foten på han i eventyret om Oskeladden og dei gode hjelparane som er så lett på foten at han tek sjumilssteg til verdas ende for å hente vatn på få minutt.

Søndagsturen gjekk med lette steg over strøsanden som enno ikkje var fjerna frå fortaua. Eg fekk ei kjensle av å sveve, men kom fort ned på jorda att: No kjem ho snart, erleria, den gledesdreparen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement