Med lita skrift
Hjartesvik
Nei, når eg begynte å sende hjarte i meldingar? Eg aner
ikkje, men det har sklidd aldeles ut, og det er ikkje meg, eller; det var ikkje
meg.
Eg kjem frå ein familie der det ikkje var vanleg å klemme.
Eit handtrykk, laust eller fast, var det næraste vi kom fysisk kontakt, og det
var heller ikkje slik at vi rosa kvarandre. Om nokon hadde gjort noko
rosverdig, kunne vi seie: Det var ikkje verst.
Då eg var 21 år, flytta eg frå vest til aust, og her var det
annleis.
– Hyggelig å treffe deg, kvitra austlendingane, og eg
tenkte at kor hyggeleg det blir, vil vel tida vise.
Dei strødde om seg med kompliment, om hår, klede, sko, du
ser godt ut, sa dei, ja vel, svara eg, og aldri om eg skulle bli
ein del av dette sosiale spelet, for alle desse liksomrause, rituelle frasane
stakk ikkje djupt. Vil du komme hjem til meg og spise middag? spurde
dei, kva skal du ha? svara eg. Og så skulle dei absolutt klemme, og det
baud meg imot.
Så snudde det. Eg kunne ikkje lenger gå rundt og vere tverr
og mumlande, og eit vendepunkt var då eg fekk svigerfamilie, vestlendingar dei
òg, men av eit anna slag, for dei klemte, og eg måtte gje meg over. Og tenkte: Når
eg treffer svigermor og mor samtidig, kva gjer eg då? Skal eg klemme svigermor
og ta mor i handa? Nei, det gjekk ikkje. Fyrste gong stivna mor til, merka
eg, men slik blei det, og slik er det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.