Kunngjeringar

Mareritt (Til David Lynch)


  

Publisert Sist oppdatert


Tormod drøymer at sjølv om han er vaksen og har slutta for mange år sidan, sit han i skulebussen.

– Me har treft kvarandre før, seier ein framand mann og held opp ein timeplan.

Bussen stoppar, og mannen ber Tormod om å komme seg ut. Nokon har ordna med alt. Dei er på veg til ei ferje, og det kjem fram at Tormod skal byte skule. Kvifor, spør han. Mannen berre smiler. Reimene på den tunge ranselen gneg over skuldrene.

Dei ramlar inn på ferja, og på eit blunk er ho over på andre sida. Tormod rekk verken kaffi eller svele. Det dryger litt før dei slepp over landgangen. Mannen har teke på seg ein liten dum hatt, no liknar han på ein lærar Tormod hadde på ungdomsskulen.

Dei har ikkje komme langt før mannen plutseleg byrjar å hinke og hoppe bortetter vegen. Det liknar på noko folk kalla jentehopp då Tormod var liten. Han mistenkjer at det er alkohol inne i biletet, og gjer eit forsøk på å hoppe sjølv for å prøve å halde fylgje. Men mannen har mykje betre teknikk enn Tormod, og dreg ifrå.

– Kvifor driv du med jentehopp? ropar Tormod etter den ungdomskulelæraraktige mannen som forsvinn over ein bakketopp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement