Sport før og no
Ned med bøylen, takk!
Brigitte og Emmanuel Macron er rutinerte og har teke ned tryggingsbøyelen.
Foto: Eric Feferberg / AP / NTB
For ein nybyrjar kan det faktisk bli eit lite mareritt. Når køen minkar framfor deg, stig pulsen, og dess lengre køen blir bak deg, dess fleire blir det som stirer når du ramlar i tallerkenheisen og blir liggande på slep oppover bakken etter armane, noko som er umogleg tungt i lengda. Difor må du sleppe taket midt i bakken, og heile Hemsedal må vente på ein mellombels stans.
Viss den samansette rørsla «å tre inn i heis» er automatisert, derimot, er dette ikkje noko problem, og for dei aller fleste blir ho det etter ein dag i bakken.
I Noreg har me ikkje dei største bakkane, her finst mest av det me kallar T-heis, ein omsnudd T som du hektar bak låra, eller mellom beina dersom du køyrer brett. I dei litt større bakkane er det sitteheis, altså sete som svevar i lufta. Her blir du sikra av ein bøyel som skivakta passar på at blir senka over deg. Skjer ikkje dette, blir maskineriet stoppa. Det skal vere trygt.
Når eg sit der oppe og svevar, er eg glad eg ikkje lever på 1950-talet og slik vi ser på bilete her. Det skrangleverket der la vel mykje ansvar over på passasjeren. Når både bikkje og små barn skal klamre seg til stanga utan sikring, ser det ut som eit under at dei kom seg levande opp.
I seinare tid har tryggleiken i heisane vore oppe til diskusjon. På den amerikanske nettstaden Outside skriv dei at det framleis finst heisar utan bøyel, og at dette ikkje er påbode. Her blir det også skrive om at nokre vel å ikkje bruke bøyelen, folk synest det er plagsamt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.