Innsida

Norske matskattar nr. 91:

panerte vêraballar
  

Publisert

Nokon vil sikkert hevda at dette måtte koma. I ei tid då det å nytta heile dyret er eit berekraftig mål for kjøtproduksjonen vår, er det naudsynt for Innsida å ta opp denne råvara, sjølv om det nok for mange ikkje vert sett på som ein matskatt. Når Innsida til og med har funne vêrballar i utsalet til Smalahovetunet på Voss, har redaksjonen kome til at vêraballar skal vera med no når me snart rundar hundre matskattar. Litt nede på lista med andre ord, men like fullt med.

Smalahovetunet har attpåtil vêraballane i sekspakning samstundes som dei tilbyr både oppskrift og rettleiing i korleis ein kan få dette til å vera ein rett ein kan servera.

Fyrst skal dei reinskast for ei utvendig hinne, deretter delast i skiver og leggast i ei blanding av mjøl, salt og pepar. Skivene dyppar ein så i egg og knust cornflakes. For å gjera dei ekstra sprø må ein steike dei på høg varme. Skivene kan krydrast i valfritt krydder. Så legg ein dei på papir etter steiking.

For å gjera måltidet ekstra smakfullt kan ein laga ein god urtedipp til.

Smalahovetunet meiner det kan passa godt med eit glas heimebrygg til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement