– Det står at det skal vera rett borti gata her, sa eg med nasen langt nedi telefonen.
Silencio er ikkje berre ein fiktiv utestad for spesielt inviterte i filmen Mulholland Drive (2001). Det er òg ein ekte utestad i Paris, designa av David Lynch.
Det var ikkje skilt utanfor, berre to store menn med svarte briller og svarte dressar som stod ved ein svart vegg. Me – to menn og to kvinner – hadde kledd oss litt opp, mest til ein middag tidlegare på kvelden, men det passa fint med kjolar og skjorter, for på nettet hadde me lese at det berre var dei fint kledde som hadde sjanse til å koma inn på denne utestaden. Til visse tider måtte ein vera medlem for å koma inn, stod det, men var du lekker nok, kunne du bli vurdert.
– Silencio?
Eg spurde dei tause, svartkledde herrane. Dei var alvorlege, såg dømmande på oss gjennom brillene, opp og ned, før dei såg på kvarandre, like alvorleg, og spanderte på seg eit kjapt nikk.
Eine mannen opna ei usynleg dør i den svarte veggen, og me gjekk inn. Der inne var det berre éin veg: nedover. Ei spiraltrapp tok oss fleire etasjar ned, musikken vart høgare og høgare jo djupare me kom. Heilt nede var det fleire rom med utestad i dunkelt lys. Me bestilte dyre drinkar og sette oss i ein stiv sofa, skyhøge på oss sjølve. Tenk, me var fine nok til å koma inn! Jammen godt me hadde lange, mørke kjolar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.