Kva eg er mest nøgd med å ha lært i vaksen alder? Takk som spør: Det er kunsten å kråle. Alt når eg opnar døra til den kommunale svømmehallen og dreg inn dufta av klor, veit eg det. No kan eg puste ut, senke skuldrene og vere i nirvana nokre skarve minutt. Mobilen får pipe i skapet medan dusjen fjernar daude celler frå hår og hud. Eg er klar for å flyte gjennom vatnet som ein sel.
Krål har ein del til felles med meditasjon. Mykje har med pust å gjere. Ein har kort tid på å snu hovudet bakover og trekkje inn, og desto lengre tid på å sleppe ut. Tankane stoppar. Eg berre eksisterer. Så skjer det. Eg sluttar å kråle.
Kanskje er det berre for slitsamt. Eg har korkje kondisen eller teknikken. Eg veit ikkje. Eg veit berre at eg på eit eller anna tidspunkt alltid, alltid går over til å symje bryst. Og som brystsymjar er eg ikkje lenger eitt med det guddommelege, men med samfunnet.
Ved den eine sida av meg ligg ein diger mann med badebukse blåst opp som ein ballong. Han berre flyt på ryggen og rører seg sakte att og fram og gjer små vinkerørsler med hendene. På den andre sida sym ei eldre dame. Ho veit ikkje at badedrakta hennar fyller seg opp med vatn på framsida så ho like gjerne kunne vore utan, og eg har ikkje tenkt å fortelje henne det. Menneske kan vere unike i form av fingermerke, ganglag og røyst, men aller mest, tenkjer eg, er vi unike i måten vi sym på. Alt eg har sett dei gongene eg stikk hovudet opp av vatnet… Og alt eg har sett når eg dukkar ned att.
Ein gong såg eg eit menneske – eller var det ein halvgud? – ta symjing til eit heilt eige nivå. Var han skadd og prøvde å rehabilitere seg? Var symjinga ei form for kunst for han? Eller såg eg ein slags kombinasjon av rehabilitering og kunst? Det var ikkje krål, det var ikkje butterfly, men kva var det då?
Alt dette må du jo berre sjå med eigne auge. Kva dei andre ser? Takk som spør, men eg er oppteken i nirvana. Eg har veksla til krål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.