Innsida

Vår vår i vår?



  

Publisert

Brått skvett eg til så eg søler kaffi over heile meg, og innser eg at vi alt er midt i den første vårmånaden, med alt det inneber av mas og styr og spetakkel. Snøklokkene attmed postkassen står og nikkar i vårvinden, men ein veit så vel at det framleis kan komme haugar med snø og dekke alt. Og ikkje minst ny hålke. Ein har gledd seg over at ein har komme seg gjennom vinteren utan å bryte ein einaste lårhals, og så plutseleg ein dag så ligg ein der og hyler som ein stukken gris. Til åte for rev og ramn, så nær sagt.

Og truleg må ein langt ut i mai før ein kjenner seg så nokolunde trygg.

I mellomtida får ein berre prøve å gjere det beste ut av det, slik ein har for vane. Spele musikkstykket «Frühlingsrauschen» av Christian Sinding (den første av Jon Fosses forgjengarar i Grotten) på repeat og prøve å gløyme at komponisten var i overkant nazivennleg.

Om våren kjenner eg meir enn elles at eg er sjeleglad for at eg ikkje har båt. Då ville eg nemleg sannsynlegvis ha tenkt at no er det på tide å pusse han opp. Og eg kjenner meg sjølv såpass godt at eg veit at dette er noko eg ville ha funne ulideleg keisamt. Og eg kjem i tankar om ein kar eg kjende ein gong, som kvar vår pussa opp båten sin, men aldri fekk sett han på vatnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement