Klok på bok

Vill med Wilde

Publisert Sist oppdatert

Kven er dei mest siterte forfattarane i verda? Tja, sei det. Her i bokstova har me ikkje fasiten, men eit skot i mørkeret kunne kanskje gje oss dette oversynet: William Shakespeare, Jane Austen, A.A. Milne, Robert Frost og Oscar Wilde. Hadde me gissa i grålysinga, var det kan hende heilt andre namn på lista.

Då boklækjaren gjekk på gymnaset, det var omtrent på den tida då dinosaurane døydde ut, var eg på min fyrste tur til London. Der kjøpte eg ei fin og altfor dyr trøye med eit portrett av Oscar Wilde på framsida. Men det var teksten som var prenta på ryggen, som gjorde at eg ikkje kunne motstå freistinga. Der stod det: I can resist everything except temptation. Meir skulle det ikkje til før eg trudde at eg var den kulaste på heile skulen.

Om sitatet «Ver deg sjølv; alle andre er allereie tekne» er betre eller semre, får vere opp til lesarane å avgjere. No og då, mest då, er eg framleis vill med Oscar Wilde.

Geirr Wiggen skriv: «Tekstutsnittet i Klok på bok 1668 er det Oscar (Fingal O’Flahertie Wills) Wilde (1854–1900) som har skrive, og det er frå ss. 309–310 av den første omsetjinga til norsk av The Picture of Dorian Gray. Den omsetjinga kom ut på Det Norske Samlaget i 1923. Omsetjaren var Johannes Andreasson Dale (1898–1975), som etter mange år som fransk- og norsklektor ved ulike gymnas vart professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur og målbruk frå 1954 av. Han gav den norske utgåva si den nedkorta tittelen Dorian Gray. I Dales omsetjing finn vi namnet til tittelkarakterens mor på side 48: ’Mor hans var ei Devereux, lady Margaret Devereux.’ Wilde gav først ut ei kortare utgåve av denne boka i 1890 i eit tidsskrift som kom ut samstundes i Storbritannia og USA, Lippincott’s Magazine. Året etter (1891) kom ei utvida utgåve i bokform, som Dales nynorskomsetjing og dei mange seinare omsetjingane til norsk byggjer på. Boka skildrar hedonisme og moralsk omsynsløyse, som til slutt straffar seg for hovudpersonen; eit portrett av han, som han har gøymt på loftet sitt, syner ein annan Dorian Gray enn den utvendig blendande og lettliva mannen som omverda ser. Boka skildrar altså dekadent liv, men ikkje utan problematisering. Dublin-fødde Oscar Wilde var ein svært populær dikt-, roman- og skodespelforfattar i London fram til 1895. Især komediane som harselerer med viktorianske og borgarlege konvensjonar, er vidkjende. Eit homoseksuelt forhold til ein yngre adelsmann frå 1891 av enda med rettssak, som gav han to års hard fengselsstraff (i Reading, også dét utmynta i litteratur, d.e. langdiktet The Ballad of Reading Gaol, 1898, som kom ut på norsk alt i 1915). Dei siste åra sine levde han sosialt marginalisert og fattig i Sveits, Italia og, til slutt, i Frankrike, der han konverterte til katolsk kristendom før han døydde siste novemberdagen i 1900 (av hjernehinnebetennelse etter ein øyreinfeksjon). Han er gravlagd på Père Lachaise-kyrkjegarden i Paris.»

John Dag Hutchison skriv: «En fargerik og levende oversettelse av Johs. A. Dale som var professor i nynorsk på slutten av sekstitallet. Kari og Kjell Risviks oversettelse av 2004 er også meget god, men Dales har en helt annen atmosfære.»

Etter Kpb-1668 skreiv Laurits Killingbergtrø: «Eg kan leve lenge på merksemda eg fekk i spalta i dag. Tenk å få ros av sjølvaste Gunder Runde!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement