JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

17292
20240920

Færøyane 2024

I seks somrar på rad har Hallgeir Opedal vore på reise for Dag og Tid. Han har gått heim til Odda, padla på Themsen, besøkt Sverige, Danmark, Finland og Island. Denne sommaren sende vi han til Færøyane. Her er hans rapport.

Dag 1: Gardermoen–Billund–Vagar–Tórshavn

Hello?

– Hallo! Er det Høgni?!
What?
Endeleg tek han telefonen, men sambandet er dårleg, han står kanskje utandørs på ei av dei forblåste øyane der ute i Atlanterhavet.
– Taler eg med Høgni Hoydal?
English, please?
AM I SPEAKING TO HØGNI HOYDAL?
Yes, you are!

Det er ein måndag formiddag i slutten av juni, og eg sit i ein lounge på Gardermoen på femte timen. Det vil seie, no har eg reist meg for å finne ein stille stad, men det er reisande overalt, og eg må halde handa over venstreøyret for å høyre kva som blir sagt.

I fleire dagar har eg forsøkt å få fatt i utanriksministeren på Færøyane, denne høgreiste fridomskjemparen som i brun strikketrøye slost for sjølvstende for øyriket på 90-talet, mot overmakta der nede i København, og no endeleg har...

Hello?
Yes, sorry, Høgni. I just have to find a quiet place

... han har teke telefonen. Eg skulle for lengst ha vore på Færøyane, men SAS-flyet frå Oslo til Bergen var forseinka, og dermed mista eg flyet frå Flesland til Vágar, ja, det er flyplassen utpå der. No må eg fly via Billund i Danmark og har fått åtte timar å vente.

Då irritasjonen over SAS til sist la seg, kom eg til at eg måtte bruke desse ventetimane til noko nyttig. Derfor har eg denne formiddagen sett to naturfilmar på YouTube, for Færøyane er mykje natur – vêr og sau og natur, dessutan tre reiseprogram, og dei gjekk i det same, sau, vêr og natur. Og kom så eg på at eg kunne forsøke å ringe utanriksministeren igjen. Nummeret hans hadde eg fått av Nordens Hus i Tórshavn, og eg hadde ringt mange gonger, men Høgni Hoydal hadde ikkje svart. Han hadde heller ikkje svart på e-postane, og det var ikkje noko godt teikn. Men sidan Høgni er så sentral i landets moderne soge, kunne eg ikkje gje meg, og no…

Hello?!
One second, Høgni.

Eg går inn på toalettet, men er i villreie. Kvifor snakkar Høgni Hoydal engelsk? Vanlegvis snakkar han eit presist blandinavisk.

– Høgni?
Yes.
Are you the foreign minister of Faroe Islands?
Me? No. Ikkje enno. Eg er berre 21 år.
Sorry. Eg må ha fått feil nummer.
– Ha-ha. Du er ikkje den fyrste.

Eg går tilbake til plassen min. Jo, dei hadde sagt på Nordens Hus at dei ikkje var sikre på om nummeret var rett, men så mange på Færøyane kunne det vel ikkje vere som heiter Høgni Hoydal? Jo. Minst to. Eg sette meg. Tre timar att. Skal eg hente meg ein ny tallerken med pastaskruesalat i buffeen? Nei, no må eg fyrst få bestilt hotell i Tórshavn.

Dette biletet av Færøyane tok eg på veg til Island i fjor sommar. Og endeleg – no er eg her.

«Eg går inn på toalettet, men er i villreie. Kvifor snakkar Høgni Hoydal engelsk?»

Langt ute i det kvikksølvlysende verdenshavet ligger et ensomt lite blyfarget land. Det ørvesle berglandet forholder seg til storhavet omtrent som et sandkorn til gulvet i en ballsal.

(William Heinesen (1900–1991): De fortapte spillemenn, omsett til norsk av Inger Hagerup.)

Om lag midtvegs mellom Noreg og Island ligg Færøyane. Til saman atten hovudøyar og nær åtte hundre småøyar, holmar og skjer, knytte saman av sjø, språk, slektsband, kultur, fotball og bruer, og dei siste åra undervasstunnelar. Eg har aldri vore på Færøyane, men i fjor sommar – på veg mot Island – kikka eg ut av flyvindauget, og der, ut av det glitterblå havet, steig det underlege, brunlege øyriket fram. Eg kunne sjå fjell og dalar, sund og fjordar, små bygder og grå vegar mellom dei, men det meste var øydeland.

I luftline ligg Færøyane berre 667 kilometer frå kysten av Noreg, men likevel veit vi nordmenn pinleg lite om kva som skjer der ute. Det er som forfattaren Johan Harstad skriv i sitt store Færøyane-epos frå 2005: «Det er et land du nesten aldri tenker på før du plutselig leser en kort artikkel om det og tenker men der er du jo, det er jo deg, hvor har du vært i alt mylderet?»

I mai kunne vi til dømes lese korte artiklar om abort. Regjeringa la nok ein gong fram eit framlegg til ny abortlov. Lova dei har, er frå 1956 og ho tillèt ikkje abort, ikkje sånn utan vidare. Ville lagtinget no omsider vedta fri abort fram til veke tolv? Etter ein kjenslefull debatt med pausar for sonderingar, bøn og salmesong skulle dei votere. Politikarane delte seg på midten, femten var for, femten var mot, og forslaget fall.

Den karismatiske lagtingspolitikaren og legen Jenis af Rana frå det kristenkonservative Midflokkurin takka igjen Herren for sigeren. Gud held si hand om Færøyane! Han vere lova, halleluja! Det er mange gudlege der ute på øyane, eller som mi innsidekjelde til færøysk kultur seier: «Vi har mange hvitir talibanar på Færøerne.» Hvitir skal uttalast kvitir. Eg har forresten forsøkt å få fatt i Jenis af Rana for å snakke om den store åndskampen, men heller ikkje han har svart.

Samstundes som den debatten gjekk i lagtinget, braut det ut generalstreik. Lønsforhandlingane hadde gått i stå, og samfunnet stansa opp. Lastebilsjåførar, hamnearbeidarar, bygningsarbeidarar og reingjeringspersonale la ned arbeidet, bussar, skyssbåtar og ferjer slutta å gå, søpla hopa seg opp, hamner blei stengde, og snart var matbutikkane tomme for varer og bensinstasjonane tomme for bensin og diesel.

Norske aviser nemnde knapt streiken, ikkje før det blei kjent at kong Frederik X og dronning Mary måtte avlyse signingsferda med kongeskipet «Dannebrog». I fire junidagar skulle færøyingane hylle den nye kongen med fest og pomp og prakt og talar, men så blei reisa kansellert. Ho er no utsett til 2025.

Til liks med Grønland høyrer Færøyane til Det Danske Rigsfællesskab, og til saman utgjer dei tre landa Kongeriget Danmark. Dette kostar den danske staten dyrt. Kvart år overfører dei 640 millionar til Færøyane og 3,9 milliardar til Grønland i såkalla bloktilskud. Kva dei får igjen for pengane, er uklart. Ja, kvifor tviheld danskane på desse arktiske utkantane? Det var jo slikt eg skulle spørje utanriksminister Høgni Hoydal om. Eg få fatt i han.

Meir nytt frå vestfronten? Jo, det hender at norske aviser syner bilete av grindadráp. Flokkar av grindkval blir jaga inn mot strendene, der færøyingane set ein kald ståldolk ned i nakkekvervelen. Den tradisjonsrike, men brutale slaktinga fargar sjøen blodraud og fører til internasjonale protestar. Eit primitivt grindadráp skulle eg gjerne fått med meg på denne reisa, men då skal ein ha flaks. Ingen veit når dei skjer, og ein må vere på rett øy til rett tid, og vere der før politiet sperrar av strendene. Slikt vil dei helst ikkje at turistane skal sjå.

Elles handlar nyhenda frå Færøyane mykje om fisk, om fiskekvotar, makrellavtalar og fiskebåtforlis, men også om lakseoppdrett. Dei er store på oppdrett og har tre gigantar: norskeigde Mowi, færøyske Hiddenfjord, men størst av alt er Bakkafrost. Eit av verdas største oppdrettsselskap, notert på børsen i Oslo, men aksjar vert òg omsette på Wall Street.

Eigaren Regin á Bakka er den fyrste milliardæren på Færøyane. For to år sidan kjøpte han og Bakkafrost eit Boeing 727, som kom på vengene i mars. Då var passasjerflyet bygd om til eit flygande kjøleskap med lastekapasitet på 34 tonn. No dreg dei sjøkald laks opp av Atlanterhavet, og 24 timar seinare kvelver han seg over eit stykke ris på sushirestaurantar i New York, Paris, Tel Aviv eller Dubai. Eg har forsøkt å få fatt i Regin á Bakka, eller Regin Jacobsen, som han eigentleg heiter. Nei, ikkje svar der heller.

Med andre ord har eg så langt ingen avtalar, men eg har ein reiseplan. Eller, eg hadde ein reiseplan inntil SAS rota alt til. Han er laga av ChatGPT, slik kunstig intelligens som er så populær for tida, og han sette opp eit forslag til korleis eg kunne få sett alt av Færøyane på sju dagar. På sekundar skreiv han ein dag-for-dag-plan, og denne fyrste dagen var planen å lande klokka 11.25 på Vága Floghavn. Flyplassen ligg på øya Sørvágur.

Ankomst Færøyene (Vágar airport)
Lei bil på flyplassen.
Utforsk Sørvágur:
Besøk den berømte Múlafossur-fossen i Gásadalur.
Utforsk landsbyen Bøur.
Overnatting i Sørvágur eller Midvágur.

Ettersom eg no må fly via Billund og fyrst vil lande klokka halv ti i kveld, blir det enklaste å gå rett til dag to, som er: Kjør til Tórshavn på Streymoy. Ja, eg har leigd bil, eg måtte det. Det skal vere 960 kilometer med veg på øyane, om lag halvparten har asfalt. Skal eg rekke over alt, kan eg ikkje satse på kollektivtrafikk, og det fekk eg nettopp stadfesta i det eine reiseprogrammet på YouTube.

Ein skotte ville reise Færøyane rundt med buss, og mykje av programmet er han som ventar på buss, han som spring etter buss, og han som sit på buss. Naturen, sauene og vêret ser han stort sett gjennom bussvindauge. Med bil er det berre tre kvarters køyring frå flyplassen til hovudstaden Tórshavn, der eg no har fått bestilt to netter på Hotell Hafnia.

Meir nytt frå Færøyane? Vulkanar har dei ikkje, heller ikkje geysirar eller varme kjelder, nei, ikkje eingong jordskjelv å snakke om. Dei siste vulkanutbrota var for om lag 60 millionar år sidan, då tre store utbrot danna øyane i basalt, ein mørk lavabergart. Sidan har vêr og vind og is gnura dei til, og oppå la det seg eit brungrønt dekke av myrar, lyng og gras.

Rundt 600 år etter Kristus slo irske munkar seg til der ute, og kva skulle dei der å gjere? Det var ingen å misjonere for. Dei ville vel ha åleinetid med ora et labore, bøn og arbeid. Eit par hundre år seinare var det slutt på einsemda, for då kom dei fyrste norrøne busetjarane ut til øyane. Ifølgje Færeyinga saga heitte den fyrste landnåmsmannen Grímur eller Grim Kamban.

Grim Kamban heitte ein mann. Han bygde fyrst på Færøyane i den tida Harald Hårfagre var konge. Det var mange som då flydde frå hardstyret hans; sume sette seg ned på Færøyane og bygde der; sume leita upp andre øydeland.

Sagaen blei skriven ned på Island rundt 1220, altså fleire hundre år etter at dette hende, og nyare forsking syner at Grim/Grímur slo seg til på Færøyane lenge før Harald Hårfagre var fødd, kan hende så tidleg som på byrjinga av 800-talet.

Kamban er elles ikkje eit typisk norsk etternamn, så sannsynlegvis hadde han eit keltisk islett. Sidan er fleire komne til, slik at dei no er om lag 54.460 færøyingar av 130 ulike nasjonalitetar. Dei største innvandrargruppene kjem frå Filippinane, Thailand, Romania, og Polen, og mange av dei er tilsette i fiskeindustrien.

No, der er det endeleg go to gate! Eg reiser meg og følgjer dei andre passasjerane som òg har mista flyet sitt, og ved utgangen treffer vi på barnefamiliar som skal til Legoland. Åtte timar forseinka sit eg om bord i flyet til Billund. Omsider er eg undervegs, men i feil retning.

Jo, elles har norske aviser skrive mykje om færøysk fotball. Den fekk eit kraftig oppsving under pandemien. Då fotballstadiona i Europa stengde ned, blei det eit sjukleg sakn etter TV-fotball – og oddsspel.

Færøyingane slapp billeg unna koronaviruset, fyrst fordi dei ligg så isolert til, dernest av at dei er så få, og til sist fordi dei var gode på testing og smittesporing. Derfor spelte færøyingane fotball som om ingenting var hendt, og abstinensane til gamblarar og norske fotballelskarar blei lindra då TV 2 sikra seg rettane til å sende eliteserien på Færøyane, eller som han heiter: Betri deildin. Slik blei nordmenn kjende med lag som Tvøroyrar, Havnar, Streymur, Skála, B36 Tórshavn og ikkje å forgløyme kronjuvelen: KÍ Klaksvík.

«Velkomen heim! Det er ei djup meining i denne hjartevarme helsinga frå flyvertinna.»

Det er duskregn og mørkt. Ein kar med kaps og briller står om bord i ein sjark, og bakom han ligg Tinganes.

Klaksvík ligg på Bordoy, og ifølgje min opphavlege plan skal eg dit på torsdag. Byen under fjellet Klakkur er ei av dei største fiskerihamnene på Færøyane og handelssentrum for øyane i nord.

Mange av dei fem tusen innbyggjarane høyrer til den skrifttru lekmannsrørsla Brødrasamkoman. Desse brørne, eller kvite talibanarane, har ei hand om det meste som skjer der i byen, inkludert fiskekvotar. Ja, det er mi innsidekjelde til færøysk kultur som hevdar det.

Klaksvík har også det beste fotballaget på Færøyane. Med Magne Hoseth frå Averøya som hovudtrenar og moldensaren Daniel Berg Hestad som assistenttrenar kvalifiserte Klaksvík seg i fjor til å spele om ein plass i Meisterligaen. Det færøyske fotballmirakelet slo ut svenske Häcken og ungarske Ferencvaros, og i tredje runde slo dei forsyne meg Molde 2–1 på heimebane, men så var det stopp. I bortekampen tapte dei 2–0, og han slutta då, Hosethen, for å trene danske Lyngby. No er han visst tilbake som trenar i erkefienden Tórshavn.

Og så er det handballen. Under EM i handball i Berlin i januar gav Færøyane dei norske spelarane håndballsjokk. Det var ordet som blei brukt i overskriftene i norske aviser etter at meisterskapsdebutanten Færøyane spelte uavgjort mot Noreg. Dei fem tusen færøyingane på tribunen i Mercedes-Benz Arena var ikkje nøgde med uavgjort og meinte at dommaren favoriserte Noreg. Til dømes vart Óli Mittún brutalt takla åtte minutt før pause, og Petter Øverby fortente raudt kort. Det kokte, det var piping, men Øverby fekk fortsetje, og det blei som det blei, 28–28 og uavgjort.

Men tenk det – fem tusen færøyingar på tribunen heia dei fram! Det er nær 10 prosent av befolkninga. Om Noreg hadde hatt prosentvis like mange lidenskaplege supporterar, ville det sete ein halv million nordmenn med ansiktsmåling og sauebjøller i Mercedes-Benz Arena i Berlin.

Under innflyginga mot Billund ser eg etter Legoland. Eg kan ikkje sjå det. Vi landar og blir bussa inn til terminalen, og eg går straks vidare mot flyet frå Atlantic Airways. Endeleg noko færøysk, og meir skal det bli, for når vi kjem om bord i flyet, er det høglydt prat, det er lått og helsingar, som om alle kjenner kvarandre, og det gjer dei nok.

Språket deira ligg ein stad mellom islandsk og vestnorsk, og eg skjønar forbausande mykje. Eg får sete 6C og hamnar ved sida av ein ung danske i arbeidsklede. Han er tømrarlærling, fortel han, og skal til Færøyane for å byggje hus. Han har vore der før, og no skal han tilbake. Når eg ein halv time seinare ser ut flyvindauget på motsett side, ser eg Folgefonna! Eg har vore undervegs i snart tolv timar og er ikkje komen lenger. Eg sovnar.

Vi går inn for landing, regnet driv i strie straumar over glaset. Det er lite å sjå, vi ristar gjennom tåka, og bakom skimtar eg mørkt land. Så dunkar hjula i asfalten, og flyet bremsar hardt opp. Rullebanen vart bygd av engelskmenn under krigen og er berre på 1699 meter. Det er i kortaste laget for ein internasjonal flyplass. Flyet taksar mot terminalen og eg ventar, og då – då kjem det over høgtalaren:

Gódu føroyingar. Vælkomin heim!

Velkomen heim! Det er ei djup meining i denne hjartevarme helsinga frå flyvertinna, for i den ligg ei forventing og ei von om at alle utflytta færøyingar ein gong skal kome heim. Jo, dei kan reise til Danmark og studere eller jobbe i Noreg, Tyskland eller USA, men før eller sidan må dei kome heim. Det er her dei høyrer til. Eg hentar bagasjen og går ut i skumringa. Det er stritt regn og ti grader. Heime var det høgsommar, her er det haust. Leigebilen står klar, og eg kan setje meg bak rattet i ein flunkande ny svart Toyota Corolla.

Klokka er over ti når eg blinkar meg ut på vegen som skal ta meg til Tórshavn. Radioen står på, det er den nasjonale kanalen Kringvarp Føroya. Dei speler salmar. Landskapet er som forventa, nokre tettstader, mykje sauer, mykje natur og mykje vêr, men ein ting er uventa. Langs vegen ser eg flokkar av kvite gjæser, og det er ikkje villgjæser som beitar i utmarka. Det må vere tamgjæser. Kva med rev? Eller rovfugl? Merkeleg. Vegen stuper ned i Vágatunnilin, etter fem kilometer under sjøen køyrer eg opp på Streymoy, og ein halv time seinare er eg inne i sentrum av Tórshavn.

Eg finn ein parkeringsplass nede i hamna, like ved anløpet til passasjerferja «Smyril». Ho er her ikkje no, men stampar vel ein stad mellom Hirtshals og Tórshavn eller mellom Tórshavn og Seydisfjördur på Island. Det er duskregn og mørkt. Ein kar med kaps og briller står om bord i ein sjark, og bakom han ser eg det som må vere Tinganes. Dei raude trehusa med torvtak på neset har eg sett på fjernsyn, det er der regjeringa held til. I eitt av husa har utanriksminister Høgni Hoydal kontoret sitt.

Utsikta frå rommet på Hotel Hafnia er framifrå. Kyrkja er Tórshavn domkyrkje frå 1788.

Restauranten på Hotell Hafnia er stengd, alt er stengt, og eg tek heisen opp i femte etasje. Det er eit lite rom, men utsikta er framifrå. Eg ser den vesle domkyrkja og bakom eit regngrått Tórshavn med bustadhus, butikkbygg, småbåthamna, høgblokker og verftshallar. Hovudstaden er større enn eg hadde sett føre meg, og så mange store lauvtre her er. Det er grønt overalt.

I det eg skal legge meg, sjekkar eg e-post. Bevare meg! Det må vere ei styring, eit mirakel. Ja, ein elendig start på denne reisa har det vore, men no snur lukka. Den omstridde mørkemannen på Færøyane, den kvite talibanaren Jenis af Rana har sendt e-post. Han vil treffe meg!

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925. I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis