JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Jussen som styringsverktøy

Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.

Foto: André Johansen / Pax Forlag

9914
20240920
9914
20240920

Sakprosa

Rune Slagstad:

Rettens ironi. Retts­tenkningen i moderne norsk historie

Cappelen Damm

Der dei fleste framstillingar av moderne norsk historie av vanvare hoppar over rolla til juristane og rettstenkinga i bygginga og utviklinga av den norske staten, er det nettopp dette som er hovudperspektivet til Slagstad: «Retten reflekterer mer en noen annen institusjon stadiene i norsk samfunnsutvikling.»

For Slagstad er historia om den moderne norske staten også ei historie om ei vedvarande spenning mellom «styringsjus» og «rettighetsjus». Styringsjuristane ser på retten som eit styringsinstrument for å fremje sosialøkonomisk nyttetenking. Rettsliberale juristar ser på retten som ein garanti for individuell autonomi i møte med ein stadig meir ekspansiv stat.

Om dette høyrest abstrakt ut – og Slagstad skriv gjennomgåande med eit høgt abstraksjonsnivå – er det ikkje vanskeleg å finne ferske døme på at spenninga mellom «styringsjus» og «rettighetsjus» er levande i dagens politiske ordskifte. Eit stikkord: Fosen-saka. Eit klårare døme på spenninga mellom kollektiv nyttetenking og vern av mindretalet er vanskeleg å finne.

I Høgsterett måtte den departementale styringsjussens vektlegging av kollektiv nytte framfor urfolksrettar vike for den internasjonale menneskerettsjussens vektlegging av rettane til individ og sårbare grupper. Poenget til Slagstad er at mange av fortidas store politiske stridsspørsmål, som reguleringslovgjeving, nasjonal kontroll av naturressursane, fullmaktslover og meir, også handla om ulike syn på kva funksjon retten skulle ha i staten.

Ulike syn på retten

På same vis kan vi betre forstå dagens politiske stridsspørsmål, anten det er urfolksrettar, innvandring eller vindkraft, om vi er meir merksame på at striden også står om ulike syn på retten. Når dagens politikarar åtvarar mot «rettsleggjering» av samfunnet som eit trugsmål mot folkestyret, er det eigentleg ein kritikk av den rettsliberale posisjonen. Det tradisjonelle hegemoniet til styringsjussen i Noreg vert i dag utfordra av ein EØS-rett og internasjonal menneskerettsjuss med sterkare vekt på individuelle rettar.

Rettens ironi kom ut fyrste gongen i 2001, var europeiseringa av norsk rett gjennom EØS-avtalen i 1992 og menneskerettslova i 1999 enno i startgropa. Når vi skriv 2024, er emnet for boka meir aktuelt enn nokon gong. I dette perspektivet er det freistande å kalle Slagstad ein juridisk-intellektuell avantgarde. For meg er den største verdien av tekstane i Rettens ironi at dei set dagens debattar om rettsleggjering av samfunnet inn i ein større intellektuell og historisk samanheng.

Samanlikna med dei føregåande utgåvene er denne fjerde utgåva av Rettens ironi utvida med nyskrivne tekstar. Der det idéhistoriske perspektivet dominerte i dei føregåande utgåvene, introduserer Slagstad eit aktørperspektiv i denne fjerde utgåva. Som ein parallell til boka De nasjonale strateger frå 1998, løftar Slagstad fram De juridiske strateger frå 1814 og fram til vår tid.

Aktørperspektivet er vellukka. Ved å følgje sentrale juridiske aktørar synleggjer Slagstad den viktige rolla einskildpersonar kan spele for rettstenkinga i eit lite land som Noreg. Tyngdepunktet ligg naturleg nok i dei historiske juridiske strategane. Her finn vi professorpolitikarane under embetsmannsstaten (1814–1884). Slagstad peiker på at striden mellom den naturrettsleg orienterte jussprofessoren Henrik Steenbuch (1774–1839) og studenten og etterfølgjaren som professor og stortingsrepresentant, Anton Martin Schweigaard (1808–1870), markerte «opptakten til en strid mellom en rettighets- og en styringsjuridisk orientering som skulle forbli vedvarende i norsk jus frem til i dag».

Styringsstrategar

Slagstad portretterer også venstrestatens (1884–1935) juridiske strategar, med Venstre-statsråd og seinare høgsterettsjustitiarius Paal Berg som ein sentral juridisk aktør bak stadig tettare statlege reguleringar. Deretter følgjer eit interessant portrett av «arbeiderpartistatens rettsrealistiske avantgardister», som fusjonerte rettstenking med samfunnsvitskapleg nyttetenking.

No er vi tettare på vår tid, og namn som Ragnar Knoph, Vilhelm Aubert, Torkel Opsahl og Torstein Eckhoff er godt kjende for dagens juristar. Samstundes blir portretta av dei juridiske strategane knappare og færre frå 1990-talet og fram mot våre dagar. Slagstad teiknar eit interessant portrett av Tove Stang Dahl som ein kreativ juridisk pioner som sette kvinneretten, og med det kvinnesaka, på trygg juridisk grunn.

Som juridisk strateg bak Høgsteretts postnasjonale utvikling som vaktar over både Grunnlova og den europeiske menneskerettskonvensjonen, peikar Slagstad på tidlegare høgsterettsjustitiarius (2002–2016) Tore Schei. Kanskje burde forgjengaren og den store reformatoren Carsten Smith (1991–2002) fått meir omtale her. Både Smith og Schei kan seiast å ha styrkt den rettsliberale posisjonen i Høgsterett. Sidan Slagstad skriv mykje og godt om fortidas styringsjuristar, melder spørsmålet seg: Kven er vår tids førande juridiske styringsstrategar?

Undergangshistorie

Eit anna nyskrive kapittel handlar om jussen i skiftande kunnskapsregime. For ein jurist som denne meldaren er kapittelet ei velskriven dystopisk undergangshistorie. Slagstad skildrar korleis det under nasjonsbygginga på 1800-talet «var med jussens mellomkomst det norske system ble etablert, det var med jussen det ble styrt, det var med jussen det ble reformert – og det var med jussen det ble opponert, også det». Alt var betre før. Deretter gjekk det nedover for jussen og juristane.

Denne meldaren kan ikkje unngå å sjå ein parallell mellom lagnaden til juristane i statsstyringa etter 1884 og posisjonen til storbyen Bergen etter at vegkrysset Oslo vart hovudstad i 1814: Ein samanhengande tilbakegang, berre avbroten av einskilde katastrofar, slik Georg Johannesen så treffande sa det. Under venstrestaten mellom 1884 og 1940 vart juristane gradvis detroniserte som politisk elite, men utan at jussen tapte posisjonen som den sentrale styringsvitskapen.

Undergangen for jussen som styringsvitskap kom med arbeidarpartistaten etter 1945. Sjølv om lova av naturlege grunnar var det sentrale reformverktøyet og forvaltninga framleis var full av juristar, vart reformene prega av det Slagstad kallar eit samfunnsvitskapleg kunnskapsparadigme med økonomane i førarsetet. Poenget til Slagstad er at denne samfunnsvitskaplege svulsten i ryggmergen til statsapparatet endra også rettstenkinga.

Juristane, denne stolte profesjonen med røter tilbake til dei fyrste universiteta i mellomalderen, byrja å tenkje som ikkje-juristar, som simple økonomar, statsvitarar, sosiologar og andre oppkomlingsvitskapar. Rettsstatlege ideal om kontroll med maktbruk og rettstryggleik måtte vike for effektiv administrasjon, mellom anna i form av vidtgåande fullmaktslover etter 1945. Til dømes skriv Slagstad om prisdirektør Wilhelm Thagaard (1920–1960) at han «var en utilitaristisk styringsjurist som tenkte som en sosialøkonom».

Med bølgja av EØS-rett og internasjonal menneskerettsjuss sidan 1990-talet har den rettsliberale posisjonen fått ein renessanse i Noreg. Det er likevel liten renessanse å spore for juristane i sentralforvaltninga. I dag er berre éin av dei sytten departementsrådane jurist, og juristane er for lengst i mindretal i alle departement, med eit mogleg unnatak for Justis- og beredskapsdepartementet. Ikkje rart at framtida ser mørk ut.

Rettsliberal posisjon

Slik eg les Slagstad, sympatiserer han sjølv med den rettsliberale posisjonen. I ein av dei kortare tekstane, «Flytende rettstenkning» frå 2011, forfatta saman med Anine Kierulf, trer Slagstad ut av historikarrolla og kritiserer den framleis dominerande styringsjuridiske posisjonen med skarp penn. Slagstad forsvarar overnasjonal kontroll frå Den europeiske menneskerettsdomstolen med at denne har styrkt rettstryggleiken til innbyggjarane både i Noreg og i nyare demokrati.

I same lei kan vi forstå tekstane om Høgsterett. I fleire tekstar viser Slagstad at Høgsterett i lang tid, heilt tilbake til midten av 1800-talet, har sett det som si oppgåve å handheve Grunnlova – også mot fleirtalets lover. Med det understrekar Slagstad korleis denne i kjernen rettsliberale funksjonen er ein etablert og viktig del av det norske konstitusjonelle systemet. Det kan vere til ettertanke for den norske juriststanden at den mest prinsipielle og konsekvente forsvararen for den rettsliberale posisjonen i Noreg dei siste tiåra er ikkje-juristen og sosiologen Slagstad.

Det er ikkje lett å melde ei bok med tekstar som er skrivne over ein periode på over førti år (den eldste er frå 1982), og som i sjanger spenner frå doktoravhandling til kronikk. Det er nettopp ei tekstsamling Rettens ironi er. Med det er ho unik i norsk sakprosa. Det er ikkje ukjent at forskarar gjev ut tekstsamlingar – ein slags akademisk «greatest hits» – på tampen av karrieren. Denne tekstsamlinga er derimot organisk. Lesaren kan følgje korleis tenkinga til Slagstad utviklar seg over tid. Rettens ironi er ein pågåande kommentar til utviklinga av norsk rettstenking i spenninga mellom «styringsjus» og «rettighetsjus».

I ein stadig meir kompleks reguleringsstat fortener det slagstadske perspektivet på norsk samfunnsutvikling gjennom rettstenkinga eit publikum ut over juristar og historikarar. Som Slagstad skriv: «De nye samfunnsvitenskapene sosialøkonomi, statsvitenskap og sosiologi, har med noen unntak hatt en svak forståelse for jussen, den første samfunnsvitenskap.» Dette er musikk i øyra til denne meldaren – ein jurist. Alle som arbeider med offentleg styring, bør vere merksame på jussen som styringsverktøy, og at verdiane bak jussen, formar styringa.

Eirik Holmøyvik

Eirik Holmøyvik er professor ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis