JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

6944
20240920

Samtalen

Helge André Njåstad, leiar i Justiskomiteen og stortingsrepresentant for Frp

Aktuell: tiltak for å kjempe mot ungdomskriminalitet

sofie@dagogtid.no

– Kva meiner du er årsakene til at ungdomskriminaliteten har blitt så mykje verre berre dei siste åra?

– Det er mange grunnar til det. Ein viktig grunn er at politiet har blitt nedbemanna dei tre siste åra med færre og færre politifolk. Ein annan er at narkotika fløymer inn over grensa og er ein drivar for kriminalitet. Politiet har mista verktøy til å kjempe mot narkotika, og det har gjort Noreg meir attraktivt for narkotika, smugling og sal og bruk. Så er det ein internasjonal trend at kriminaliteten stig. Det politikarane kan gjere noko med, er ressursane til politiet og verkemidla deira. Men me må også erkjenne at innvandring er ein sterk drivar for kriminalitet. Innvandrarar og etterkomarane deira er sterkt overrepresenterte.

– Kva verktøy er det politiet har mista i kampen mot narkotikakriminalitet?

– Riksadvokaten har laga eit rundskriv der det står at ein skal slutte å ransake personar med eigne brukardosar. Då har politiet oppfatta det slik at dei skal nedprioritere å gå etter narkotikakriminalitet med mindre det framstår som stort og alvorleg. Det har medført at befolkninga trur at narkotika er meir greitt enn det er, og at politiet går glipp av ein heil del annan informasjon som dei før fekk når dei ransaka, som stolne klokker og mobiltelefonar. Politiet har òg mista høvet til å ha narkotikahundar på skulane, som var eit verktøy for å avdekkje narkotikakriminalitet.

Foto: Stortinget

– Me kan ikkje berre sitje og greie ut i Noreg når naboane strammar til.

– Justisminister Emilie Enger Mehl var ute denne veka og lova 2,8 milliardar kroner til politiet. Kor viktig er det for politiet å få meir pengar?

– Betre enn null, men me veit jo ikkje i kor stor grad det vil hjelpe på å styrkje politiet. Mest sannsynleg vil sjølv dei 2,8 milliardane bety at me har færre politifolk når denne regjeringa er ferdig med sin fireårsperiode, enn me hadde då dei byrja. Det er jo ein særs dårleg attest at medan kriminaliteten har auka, så har talet politifolk gått kraftig ned på deira vakt. Frp jublar ikkje over 2,8 milliardar. I tillegg gir dei ingen ekstra hjelpemiddel til politiet, då tenkjer eg på strengare straffer, meir fokus på å ta narkotika, fleire plassar på lukka institusjonar for barn og ungdom som må skjermast for samfunnet. Det er mykje dei kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, nei.

– Å byggje opp politiet tek tid. Må ikkje Frp vere med på å ta ansvar for at det har blitt som det har blitt?

– Nei, talet på politifolk auka med 2005 i dei åtte åra me var i fleirtal. Og i dei tre åra den noverande regjeringa har styrt, har det blitt redusert med 626 på landsbasis, med unntak av i Nord-Noreg. Det er no me ser effekten av at det har blitt færre politifolk. I tillegg sender dei politi ut i distrikta, der det ikkje er kriminalitet, i staden for at dei blir i Oslo der det er kriminalitet.

– Få er usamde i at det er ein alvorleg situasjon me står i no. Spesielt i og rundt byane i Noreg. Mehl vil setje ned eit ekspertutval for å vurdere tiltak retta mot barn og unge under 18 år med store oppfølgingsbehov som gjer seg skuldige i gjenteken eller alvorleg kriminalitet. Kva meiner du om det?

– Viss ein sit i huset sitt og det tek fyr i gardina, så er det vel ingen som set ned eit utval for å vurdere om ein skal kjøpe eit brannsløkkingsapparat. Då handlar ein der og då. Det å setje ned eit utval er berre å utsetje å gjere noko som ein burde ha gjort. Det er jo no kriminaliteten er der og no han får fotfeste. Dei må heller kome med tiltak enn utgreiing. Framlegga skal på høyring, så det tek månader før ein får gjort nok. Eit utval er heilt feil svar på spørsmålet.

– Men er det ikkje også dumt å ta så viktige avgjerder for fort?

– Nei, det seier seg sjølv at me må gjere tiltak no. I Danmark har dei hatt fire bandepakkar som det har vore tverrpolitisk semje om. Med tøffe tiltak. Sverige innfører tøffe tiltak. Me kan ikkje berre sitje og greie ut i Noreg når naboane strammar til og gjer det tøffare å vere kriminelle i Danmark og Sverige. Då ser me at kriminaliteten flyt over til oss. Det hastar å sørgje for at ikkje Noreg blir det svakaste leddet i Europa.

– Frp har ei liste med tretten framlegg mot ungdomskriminalitet. Mellom anna generell væpning av politiet, visitasjonssoner for våpenkontroll, strengare straffer og å senke den kriminelle lågalderen. Ikkje eitt einaste punkt om førebygging av kriminalitet. Har de ikkje tru på at det fungerer?

– Jo da, det har me, men arbeidet med framlegg til førebygging ligg i andre komitear. Sjølvsagt er førebygging kjempeviktig, og kommunepolitikarane har vore opptekne av å lage gode lokalsamfunn der ungdomen ikkje hamnar i den kriminelle løpebanen, men i staden har gode fritidsaktivitetar. Desse tretten framlegga du viser til, handlar om justisfeltet.

– Kva førebyggjande tiltak meiner du kan fungere?

– Det vil jo fungere med at me har arenaer der ungdomen kan lukkast, tilbod om ulike fritidsaktivitetar som eg nemnde. Andre grep er å ha respekt for autoritetar, som lærarar, politi og andre. Men det viktigaste grepet er at me lukkast betre med integreringa. Det er ingen løyndom at for stor innvandring og for komprimert innvandring i einskilde område har gjort det utfordrande. Det aller viktigaste arbeidet er å sørgje for at innvandringa er på eit slikt nivå at me klarer å få til god integrering. Då må me stille strengare krav til dei som kjem, at dei lærer seg språk og norske verdiar og kjem seg ut i arbeid.

– Integrering er ein politikk som me må sjå konsekvensane av over lengre tid. Hadde integreringa fungert betre under førre regjering, ville kanskje desse ungdomane ikkje blitt så hardbarka kriminelle som no?

– Det er ikkje innsatsen vår som gjer at det er integreringsutfordringar. I vår tid hadde me forlik som gjekk på å avgrense asyltilstrøyminga som gjorde at me skulle ha kontroll. Mellom anna i 2015.

– I Dagsnytt 18 denne veka sa partileiar i Frp Sylvi Listhaug at me må leggje meir ansvar over på foreldra. Kva konkrete krav meiner du me må leggje på dei?

– Det er eit stort foreldreansvar. Me kan ikkje berre forvente at det offentlege skal ordne opp i kva som helst. Me som samfunn må kunne forvente at borna blir oppdregne i norske verdiar og lærer kva som er lov og ikkje lov å gjere. Og at me set ei grense for barn som bryt dei reglane. Ofte ser me eit mønster at dei som blir kriminelle, har hatt for lite grensesetjing. Dei har hatt for få vaksenpersonar i livet som har sett dei, og når dei kriminelle då gir dei ein arena, så fyller det eit behov dei ikkje har fått dekt. Foreldrerolla er svært viktig, og me må difor kunne stille krav til foreldra òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis