JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Nye møkkareglar kan gå på sjølvforsyninga laus

Nye gjødselreglar skal hindre forureining og betre vasskvaliteten. Men dei kan også bidra til auka klimautslepp, nedleggingar av gardsbruk og mindre norsk sjølvforsyning, ifølgje NMBU-professor Harald Volden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit lenge varsla forslag til nytt gjødselregelverk inneber ei innstramming av kor mykje fosfor i gjødsel det er lov å bruke per dekar, og kva tid det er lov å gjødsle.

Foto: Kjell Herskedal / NTB

9330
20240809

Nytt gjødselregelverk

Skal bidra til å betre vasskvalitet og vassmiljø i norske vatn.

Inneber ei innstramming av kor mykje fosfor i gjødsel det er lov å bruke per dekar, og ei innstramming av kor tid det er lov å gjødsle.

Vart lagt fram i mars og var ute på høyring med høyringsfrist før sommaren.

Matproduksjon

eva@dagogtid.no

Klima- og miljøkrav for landbruket har bidrege til opprør i fleire europeiske land: I Nederland har bønder sett fyr på høyballar og matvarelager og blokkert matbutikkar, vegar, kanalar, hamner og flyplassar i protest mot nasjonale planar om å halvere nitrogenutsleppa i landet fram mot 2030. I Frankrike og Belgia er det protestert mot at bøndene må redusere utslepp og bruk av plantevernmiddel, samstundes som dei skal konkurrere med billegare importvarer som ikkje er produserte etter same miljøkrav og standardar som europeiske varer.

Samla har protestane vore så sterke at EU-kommisjonen har trekt tilbake ei forskrift om å halvere bruken av plantevernmiddel fram mot 2030 og gått tilbake på eit forslag om at landbruket bør redusere skadelege utslepp som ikkje er CO2, med minst 30 prosent på 25 år.

No kjem det nye krav for norsk landbruk også, i form av eit nytt nasjonalt gjødselregelverk. Etter mottakinga å døme, kan det skape uro, det òg.

Innstrammingar

Forslaget til nytt gjødselregelverk vart sendt på høyring i mars. Det inneber ei innstramming av kor mykje fosfor i gjødsel det er lov å bruke per dekar, og kor tid det er lov å gjødsle.

Medan det i dag kan gjødslast mellom 15. februar og 1. november, skal det frå og med neste år som hovudregel måtte skje i perioden mellom 1. mars og 1. september. Og medan bønder i dag har lov å spreie husdyrgjødsel som svarar til totalt 3,5 kilo fosfor per dekar per år, skal grensa frå neste år vere 2,8 kilo fosfor per dekar, og gå nedover mot 2,3 kilo i løpet av dei neste åtte åra. Rogaland får høgare grense enn resten av landet fordi grasavlingane der i snitt er høgare, medan Troms og Finnmark får lågare grense.

Bønder som kan dokumentere at dei har høgare avlingar enn snittet, slik at plantene tek opp høgare fosformengd enn grensene over, kan derimot bruke opp mot 3,5 kilo fosfor per dekar. Dette vert kalla balansegjødsling.

Dei nye maksgrensene skal bidra til at fosfornivået i jorda ikkje aukar, særleg i områda med mykje husdyr, medan kortare spreieperiode skal sikre at næringsstoffa i gjødselen går til plantevekst same år, og at risikoen for tap av næringsstoff i jorda som følgje av nedbør og avrenning minkar. Det går fram av eit høyringsnotat Landbruks- og matdepartementet har sendt ut.

Tanken er altså både å redusere utsleppa frå landbruket og å effektivisere bruken av gjødsel.

Men det er mange som har innvendingar mot både reglane og argumentasjonen bak. Det er tydeleg i dei rundt 250 høyringsinnspela departementet har fått inn.

Fryktar nedleggingar

Både bondeorganisasjonane og fleire av landbrukskommunane rundt om i landet meiner den kortare spreieperioden er lite føremålstenleg. Ja, ei streng handtering av dato kan i verste fall bidra til større avrenning og negative følgjer om det fører til gjødsling ved ugunstige vêrtilhøve, jordsmonn og klimaforhold, skriv Voss herad i sitt høyringsinnspelet. Halden kommune skriv at innsnevringa medfører behov for meir lagringskapasitet og nye investeringar for bonden, og såleis kan føre til reduksjon i talet husdyrprodusentar i kommunen.

Norges Bondelag har spelt inn at det er fleire fylke enn Rogaland som har høgare avlingar enn snittet og burde hatt høgare fosforgrense i utgangspunktet, medan Eidsvoll kommune skriv at det å setje maksgrenser i seg sjølv også kan bidra til overgjødsling på dårleg driven jord og på areal med lågt avlingspotensial.

Ei generell utfordring fleire aktørar syner til, er dessutan at innstrammingane skapar meir press på bøndene både økonomisk og administrativt. Norsk Bonde- og Småbrukarlag fryktar at regelverket kjem til å medføre at nedlegginga av gardsbruk eskalerer, og at norsk sjølvforsyning vert ramma.

I tillegg vert det protestert mot at det nye regelverket er planlagt sett i verk alt frå 1. januar 2025. Dette er for kort tid til å tilpasse seg dei nye krava og gjere naudsynte investeringar i lagerkapasitet eller meir areal, er argumenta.

– Treng meir tid

Harald Volden er professor i ernæring og fysiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og forskar for Tine. Han har studert utviklinga av fosfornivået i jord på gardsnivå i Rogaland, i samarbeid med ei arbeidsgruppe av fleire landbruksorganisasjonar og -bedrifter i fylket. Det resulterte i framlegg som regjeringa i stor grad har teke omsyn til i forslaget til nytt gjødselregelverk. Volden støttar likevel innvendingane som er nemnde over.

– Det er ein god del målkonfliktar her.

Harald Volden, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

– Ja, det går ikkje å innføre nytt regelverk frå 1. januar 2025, slik det er lagt opp til, det trengst ein lengre overgangsperiode. I tillegg trur eg at nedtrappingsplanen det vert lagt opp til, der ein skal gå frå dagens nivå av fosfor ned til 2,8 kilo per dekar og deretter til 2,3 kilo etter åtte år, er for bratt og bør strekkje seg over lengre tid, seier han.

– Så er det bra at det nye regelverket legg opp til høve for dokumentert balansegjødsling, som gjer det mogleg å nytte større mengder fosfor, og at det er samsvar mellom tilførsel og uttak gjennom avlingane. Men korleis balansegjødsling skal dokumenterast i praksis, er derimot uklart skildra i forslaget, legg han til.

Det han er mest kritisk til i forslaget til nytt regelverk, er likevel at maksgrensene for gjødsling i stor grad er baserte på snittal for grasavlingar.

– Avlingar varierer jo monaleg frå gard til gard, og snittala kan utarme jorda nokre stader. I Rogaland ville det ha utarma jorda om ein hadde same maksnivå som elles i landet. I same fylke er det i tillegg krevjande å skaffe seg meir spreieareal, fordi det meste av jorda alt er i bruk.

– Kor store endringar kjem regelverket, slik det ligg føre no, til å ha for drifta til bonden?

– Nokre bønder må skaffe seg meir areal å spreie husdyrgjødsel på, og det kjem til å auke arbeidsbelastinga og kanskje også medføre lengre transportavstand og auka klimagassutslepp. Eit godt alternativ er å redusere fosforinnhaldet i kraftfôret til dyra, slik at det går mindre fosfor ut i gjødselen. Men då må kraftfôret ha andre råvarer. Det kan verte dyrare for bonden, og såleis gå ut over drifta på anna vis. Så det er ein god del målkonfliktar her. Vi vil redusere belastinga på miljøet, men samstundes har regjeringa sett seg mål om å auke sjølvforsyninga, og vi skal redusere klimagassutsleppa, og dette går ikkje nødvendigvis saman, seier han.

Nedgang og meirarbeid

– Så husdyrtal og produksjon må ned nokre stader om regelverket skal følgjast?

– Rapporten vi laga frå Rogaland, syner i alle fall at det er ein del gardsbruk der som vil streve med å få nok areal til det nye regelverket. Der er det enkeltbruk som må redusere dyretalet. Det same gjeld nok både for Trøndelag og delar av Vestlandet, men det er Rogaland som kjem til å merke det mest.

– Må det nødvendigvis gå ut over den samla matproduksjonen og sjølvforsyninga?

– Det er i alle fall ein risiko for det. Så er det som nemnt positivt at dei som kan dokumentere at dei får ut større avling, kan tilføre meir fosfor enn maksgrensene, men det kjem til å verte krevjande å dokumentere. Bonden får i det heile meir administrasjon med å dokumentere det han gjer framover. Det er bra for å få oversikt, men det vil krevje meir jobb.

– Kor mykje vanskelegare vert det å auke sjølvforsyninga med det føreslegne nye regelverket?

– Kor mykje veit eg ikkje, men at det vert vanskelegare, er heilt sikkert, seier han.

– I utgangspunktet bra

Hovudføremålet med nye gjødselreglar er å betre vasskvalitet og vassmiljø i norske vatn, noko Noreg også har forplikta seg til å gjere gjennom EUs vassdirektiv, som vart innført i 2007.

Dagens regelverk har medført at fosfornivået i jord og vatn har stige i store delar av jordbruksområda i landet, ifølgje klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Ein del bønder brukar i dag altså meir gjødsel enn det plantene har behov for. Det er det ifølgje Volden viktig å gjere noko med.

Overordna meiner han at det nye gjødselregelverket er både viktig og bra for landbruket. 

– Fosfor er ein avgrensa ressurs både nasjonalt og globalt som det er viktig å kunne utnytte på ein betre måte, og dette regelverket vektlegg betre ressursutnytting. Det er viktig. Høgare utnytting vil også ha ein økonomisk positiv effekt. I tillegg legg regelverket til grunn at husdyrgjødsel er ein viktig ressurs, ikkje berre avfall, og det er det også viktig å ta med seg. Så sjølv om det er ein del «og, men, for og eller» som ein kan vere usamd i, er dette regelverket i utgangspunktet bra for landbruket, seier han.

– Så vi kjem ikkje til å sjå protestar og opprør som det vi har sett i europeiske land her?

– Nei, det trur eg ikkje, men det kjem nok til å kome ein del reaksjonar, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis