JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Jobben som ikkje vert gjord

Riksrevisjonen slår fast at Noreg ikkje har lukkast med å få fleire unge i arbeid, men også at styresmaktene ikkje gjennomfører politikk og satsingar som alt er vedtekne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Prosentdelen unge som får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, er no høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

7493
20240906

Riksrevisjonen

Er kontrollorgan for Stortinget og kontrollerer og undersøkjer korleis regjeringa og statsforvaltinga gjer jobben sin.

La førre veke fram rapport om den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet, og konkluderer med at denne bistanden er kritikkverdig.

Bakgrunnen for undersøkinga var at mange unge står utanfor arbeidslivet, og at ein aukande del av dei får helserelaterte ytingar.

Politikk

eva@dagogtid.no

I perspektivmeldinga regjeringa la fram for ein månad sidan, går det fram at det er behov for å auke arbeidsdeltakinga i Noreg: Fleire som ikkje jobbar, må i jobb, og fleire av dei som er i jobb, må jobbe meir og lenger. 

Førre veke la Riksrevisjonen fram ein rapport som syner at dei som har den største jobben å gjere framover, etter alt å døme er norske styresmakter sjølv: 

21.800 personar under 30 år får i dag uføretrygd, og det er meir enn dobbelt så mange som i 2010. I tillegg er talet på unge som får arbeidsavklaringspengar, også aukande, frå 25.000 i 2018 til 29.500 i 2023. Samla er prosentdelen unge som får slike ytingar, no høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa. Desse dystre faktuma er ein av konklusjonane i rapporten frå Riksrevisjonen med tittelen Arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet.

Gjer ikkje jobben

Men resten av konklusjonane er også alvorlege. Dei slår fast at den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene ikkje bidreg nok til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning, at den arbeidsretta bistanden ikkje er tilstrekkeleg tilpassa unge utanfor arbeidslivet, og at Arbeids- og velferdsetaten – altså Nav – og helsetenesta ikkje har godt nok koordinert oppfølging av psykiske lidingar. Med andre ord: hjelpeapparatet dei unge har å støtte seg på, gjer ikkje jobben. 

Det har ikkje skorta på satsingar. I 2018 vart det innført ein såkalla ungdomsinnsats, som skulle sikre rask oppfølging av unge under 30 år og at Nav prioriterte dei i arbeidsmarknadstiltak og oppfølgingsarbeid.

I fjor vart arbeidet forsterka med ein ungdomsgaranti, som skulle sikre individuelt tilpassa oppfølging av dei unge heilt til dei kom i jobb. Effekten av arbeidet Nav har gjort, er derimot liten, ifølgje Riksrevisjonen.

Prosentdelen unge som får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, er no høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa.

Prosentdelen unge som får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, er no høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Skuva til avklaring

Det kan vere fleire årsaker til at fleire unge no får så vel arbeidsavklaringspengar som uføretrygd.

Riksrevisjonen syner til at det har vore ein auke i den delen som vert uføretrygda som 18-åringar av medfødde medisinske årsaker, men at det utover det ikkje er grunn til å tru at auken kjem av at helsetilstanden i befolkninga generelt har vorte dårlegare. I staden vert det peika på at hendingar eller tilstandar som eigentleg ikkje er knytte til helse, vert gjorde til medisinske problem – særleg for unge med svak tilknyting til arbeidslivet, og at det til kan vere ein del av forklaringa. 

Psykiske lidingar vert elles halde fram som den viktigaste enkeltårsaka til at unge står utanfor jobb eller utdanning. Riksrevisjonen har i si undersøking funne at nesten 70 prosent av dei unge som fekk arbeidsavklaringspengar i perioden mellom 2018 og 2022, fekk det som følgje av ein psykisk diagnose. 

Tidlegare har analytikarar i Nav peika på at regelverket for arbeidsavklaringspengar i seg sjølv også er med å skuve fleire unge over på uføretrygd.

Ordninga med arbeidsavklaringspengar vart innført i 2010 og skulle sikre inntekt for folk som var ute av arbeidslivet på grunn av til dømes sjukdom eller skade, og som deltok på eit arbeidsretta tiltak eller fekk anna oppfølging medan dei fekk behandling, for at dei skulle kome raskare tilbake i jobb.

Ordninga var såleis mellombels og kunne gje inntekt i inntil fire år. Men fire år etter innføring byrja uføretala blant unge å auke. Og då Solberg-regjeringa seinare stramma inn reglane og sette makstida til tre år, auka talet på unge som fekk uføretrygd endå meir.

Ifølgje analytikarar i Nav bidreg regelverket og tidsavgrensinga til at ein del unge vert avklarte for uføretrygd for tidleg, og somme endåtil kanskje unødvendig. I tillegg vert det stilt spørsmål ved om arbeidsavklaringspengar er ei ordning som i det heile teke fungerer for unge som kan mangle både utdanning, tilknyting til arbeidslivet og arbeidserfaring når dei kjem til Nav for å få hjelp. 

Liv og lære

Talet på unge med samansette utfordringar og behov for arbeidsretta bistand frå Nav har også auka.

At det såleis er mange det er krevjande å følgje opp skikkeleg, vert understreka i rapporten. Men det går også fram at det offentlege hjelpeapparatet heller ikkje legg til rette og gjer jobben det er venta at det skal gjere.

Her er nokre av funna som underbyggjer det:

* Nav skal tilpasse tenestene etter behova til kvar enkelt, og det vert understreka at det er viktig med føreseieleg og stabil oppfølging. Men i fleire av sakene Riksrevisjonen har gått gjennom, er det snakk om unge personar som har fått ny rettleiar hjå Nav seks til åtte gonger i løpet av fire år.

* Arbeidsavklaringspengar skal ifølgje regjeringa sikre inntekt for personar som har behov for og får aktiv behandling, arbeidsretta tiltak eller anna oppfølging for å få eller halde på arbeid. Men undersøkinga til Riksrevisjonen syner at mange unge får arbeidsavklaringspengar over fleire år, og i lange periodar, utan å delta i arbeidsretta aktivitet. 

* Alle som har registrert seg som arbeidssøkjar hjå Nav, skal i samarbeid med etaten få utarbeidd ein aktivitetsplan for korleis dei skal kome seg i arbeid. Etter det Riksrevisjonen har funne, er det derimot ikkje alltid det vert definert noko mål i aktivitetsplanen, og der det vert gjort, er målet ofte lite konkret og utan konkret framdriftsplan. Riksrevisjonen peikar dessutan på at den arbeidsretta oppfølginga frå Nav i stor grad går føre seg digitalt, i ein chattefunksjon i aktivitetsplanen, men mange unge opplever dei digitale løysingane til Nav som krevjande og vanskelege å finne fram i.

* Dei som har behov for langvarige og koordinerte tenester frå Nav, helsetenesta og kommunane, har også rett til å få utarbeidd ein såkalla individuell plan som skal bidra til eit heilskapleg tenestetilbod. Riksrevisjonen har derimot funne at individuelle planar vert brukte i svært liten grad, og skriv at det «kan vere at personar som har behov for langvarige og koordinerte tenester frå både Nav og helsetenesta, ikkje får den heilskaplege oppfølginga som mange treng for å kome over i arbeid og utdanning». 

Satsingar utan landing

I rapporten frå Riksrevisjonen vert det elles slått fast at det er avgjerande med ei effektiv og trygg informasjonsutveksling mellom Nav og helsetenesta for å følgje opp unge, men at det offentlege hjelpeapparatet også her har ein veg å gå. Mellom anna vert det peika på at «dagens digitale løysingar for informasjonsutveksling er det største hinderet for at det skal bli betre informasjonsutveksling mellom tenestene».

Betre er det ikkje når det gjeld informasjonsflyt mellom ulike offentlege instansar generelt. Den oppsummerer Riksrevisjonen på følgjande vis: «Det er positivt at Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet legg til rette for betre samarbeid mellom Nav og helsetenesta gjennom ulike satsingar og verkemiddel. Undersøkinga viser likevel at tenesteytarane har liten kjennskap til dei ulike satsingane.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis