Film
I og rundt Mulholland Drive
Kunstnaren David Lynch er død. Eg feirar at han levde.
Ein vakker, solrik laurdagsmorgon i juli 1973 byrja David Lynch å meditera, noko han heldt fram med to gongar dagleg resten av livet.
Før det var han full av sinne, sorg, tvil og melankoli, men etter to veker med meditasjon var det som om sinnet letta.
– Dei fleste seier røyksuget vert mindre av å meditera. Ikkje eg! Røyksuget mitt vart større. Eg berre elskar tobakk, fortalde David Lynch til Los Angeles Times for ti år sidan.
Førre veke døydde han av sjukdom som fylgje av røykinga. Han vart 78 år gamal.
For i det heile å snakka om David Lynch må eg ty til ein klisjé: Han har fylgt meg og syskena mine heile livet. Då tenkjer eg ikkje på at han og far min liknar kvarandre meir og meir av utsjånad jo eldre dei har vorte. Begge med høgt, grått hår og eit «idéane mine er betre enn dine»-uttrykk i andletet. Men avstanden mellom eit byggjefelt i Norheimsund og sjølvaste David Lynch-vegen Mulholland Drive i Los Angeles vart berre mindre og mindre. Til slutt fråverande.
Det byrja brått. Eg vart fødd året Blue Velvet kom ut, i 1986, og var berre fire år gamal då Twin Peaks kom til NRK. Gjetord om serien spreidde seg fort i klasserommet til systera mi, ho var ti. Dette var ein serie ein måtte sjå, i skjul. Eit reisefjernsyn i svart-kvitt med antenne vart rigga opp på jenterommet under eit teppe. Ho vart ferska, og både Twin Peaks og fjernsynet forsvann ut døra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.