Kultur
Filmverda rundt på 365 dagar
Etter å ha sett 60 filmar frå 60 land i 2022 spør eg: Kor viktig er eigentleg Hollywood?
Ei våpenkvile er berre kimen til ein endå større kamp. Ingenting er verre.
I sofaen sit husstanden, me er i gang med filmprosjektet 2022: å reisa filmverda rundt. No er me i Japan i 1961 og ser Yojimbo, eller Livvakten på norsk, av Akira Kurosawa med legendariske Toshirô Mifune i hovudrolla som samuraien Sanjuro. Han kjem til ein delt by og tek hyre på begge sider – alt etter kven som betalar best.
– Eg vert betalt for å drepa, og denne byen er full av folk som fortener å døy.
Tilsvarande historie vert fortald i For en neve dollar (1965), med Clint Eastwood. Få er som Clint, ingen som Mifune.
Her finn du ei oversikt over alle filmane: «Filmreisa 2022 – verda rundt»
Nytt år betyr nytt filmprosjekt her i huset. Ved å setja ei ramme rundt filmsjåinga vert det lettare å planleggja kva ein skal sjå den kvelden. Elles går det fort mykje verdifull kveldstid vekk til å velja film. Så mykje tid kan denne elimineringsprosessen ta, at det til slutt ikkje vert nokon film, men heller ein episode av noko du har sett før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.