Film

Under underhuda

Eg blir genuint nysgjerrig på korleis det går med alle i Vermiglio.

Historia krinsar rundt ein barnerik familie i den italienske fjellandsbyen Vermiglio under den andre verdskrigen.
Publisert Sist oppdatert

Den italienske fjellandsbyen Vermiglio er like merkt av krigen som resten av Europa i 1944, sjølv så avsides han ligg. Skulemeisteren (Ragno) får livet til å gå med kona Adele (Rovelli) og dei mange borna deira.

Når desertøren Pietro dukkar opp, fell eldstedottera Lucia (Scrinzi) for han, medan småsystrene, særleg Ada (Potrich), har sine heilt eigne lidenskapar å ta seg av.

Harde bod

Eg kan tenka meg meir opplyftande saker for tida enn ein film sett til vinter der krigen fører til sorg og fattigdom, der spedbarn døyr og dei altfor mange ungane fødde av ei altfor sliten mor knapt får mat før dei legg seg til å sova, fem på eitt rom. Legg til mykje katolsk skamkjensle og ei tid og ein plass der kvinner er fødemaskiner til det motsette er bevist, så har du gladfilmen din.

Utruleg nok presterer regissør Maura Delpero å utvida dei stramme rammene slik at kjensla etter å ha sett Vermiglio er både håpefull og slett ikkje nedstemd. Eg er berre veldig glad eg ikkje må mjølka for hand, slutta på skulen når eg er femten, eller snu tøybinda mine når dei er blodige på den eine sida.

Topp karakter

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement