Dokkefilm I Marita Liabø
Noregs mest sette film fyller 50 år. Han er tufta på verneverdige verdiar.
Ivo Caprino (t.v.) og Kjell Aukrust poserer med Ben Redic Fy Fazan frå Ørkenlandet og livvakt og sjåfør Emanuel Desperados, som fekk ein talefeil etter eit forsøk på dobbel salto.
Arkivfoto: NTB
Då Flåklypa Grand Prix hadde premiere i 1975, fekk eg det ikkje med meg. Eg var fire år. Eg såg filmen seinare ein gong, men hugsar ikkje kvar og når. Kanskje det var då tittelsporet, «Reodors ballade» av Bent Fabricius-Bjerre, framført av Tommy Reilly og seinare Sigmund Groven, blei sampla av gruppa Multicyde i 1999, og filmen fekk ein oppsving?
No når filmen er 50 år, er det på tide, tenkte eg her ein dag: eit gjensyn med Reodor Felgen, ungkaren som uttrykker kjensler gjennom munnspelet og bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu, i lag med morgonfuglen Solan Gundersen og den pysete pessimisten Ludvig.
Dei bygger ein bil, hugsa eg.
Og så var det noko med Aladdin Oil, ein lakengubbe og ein ape?
Slikt må ein kunne. Ikkje minst må ein nordmann vite litt om Ivo Caprino og Kjell Aukrust.
«Eg baska meg høgt»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.