Restaurering Forfallet tapte i klyngetunet på Hjølmo Som eit øksehogg 700–800 meter ned i Hardangervidda går Hjølmodalen sørover frå Øvre Eidfjord. Nesten i botnen, mellom stupbratte berg, ligg eit tun med sju bruk på garden Hjølmo. 22 menneske budde her like etter krigen. Dei siste flytta vekk i 1971.
Restaurering Nye gleder i nyvølt hus bygt av jord På Liland, ikkje langt frå Singsås i Gauldalen i Trøndelag, sit Per Bjørn Foros smilande i eit restaurert hus av stampa jord. Romma fyller hans økologisk innretta sjel med glede. Han kallar det sitt slott.
Reportasje Då Vettisfossen vart freda I 1924 vart Vettisfossen i Årdal i Sogn freda med kongeleg resolusjon av Høgre og Frisinna Venstre i regjering. Dette var første gongen ein foss fekk noko vern her i landet. Hundre år etter vart jubileet markert i Utladalen og på Vetti gard.
Restaurering Frå kamparena til kultursentrum i Melhus Det måtte kamp til for å berge den herskapelege prestegardslåna i Melhus. På 1980-talet var det planar i kommunen om å rive bygningen. Sterk lokal innsats tok til motmæle, og i 1996 freda Riksantikvaren huset og hagen.
Restaurering Å hogge ved – eit mangesidig handverk For han eller ho som vil lære å handtere bitjarn eller andre reiskapar med nevane, er det god øving å kløyve ved med øks. Det vi lærer med éin reiskap, hjelper oss til å meistre ein annan.
Restaurering Frå minne til mjøl på kvern i Lesja På sørvestsida av Lesja-dalføret har Lesja historielag restaurert ei heil samling av hus som dei kallar eit industrihistorisk kulturminne. Dette har dei gjort på dugnad, ein flokk eldre menn som meistrar både reiskapane og byggjeteknikken.
Restaurering På nytt er det varme i trønderlån frå 1740 Det kunne gått gale på garden Forberg på Ytterøya i Levanger kommune. Åshild Bjørgum Øwre og Per Anders Øwre ville restaurere den gamle låna. Før arbeidet starta, meinte ein snikkar at dei måtte kjøpe nye takstolar til heile huset.
Restaurering Eit nyvølt loft i Bykle På garden Haugen i grenda Breive vest for Hovden nord i Setesdalen er juvelen i tunet, eit gamalt loft, nyleg restaurert og reist på nytt.
Restaurering Nyvølt steinfjøs Dei hadde restaurert og bygt nytt på garden dei bur på, Huden. Då Randi Flåten i 2016 fortalde mannen at ho hadde kjøpt Sygard Svare, fekk han, Steinar Håkenstad, meir å ta tak i.
Restaurering Hus etter 150 års strev er berga i Vågå På 44 år har Knut Arild Teigum fått skikk på tolv hus i tunet og to på setra åt Grevrusten, ein einbølt gard i skogen på nordsida av Vågåvatnet.
Restaurering Lafta hus – trearkitektur som nådde store høgder I Noreg nådde laftebygginga sitt høgdepunkt i Europa.
Restaurering Stavbygde hus – ein levande steinalderskikk I opphavet, nesten, var stavhus. I dag står dei som solide bygningar langs kyst og fjordar på den lange vegen frå sør til nord i landet.
Restaurering Eldre verktøy livar opp att skamfarne hus I alle tider har folk gjort det vakkert rundt seg. Hus som står igjen frå mellomalderen, er ikkje berre solid bygde av øvde hender og utvalde stokkar. Mange er rikt utrusta med detaljar til glede for auget.
Restaurering Enno i dag treng vi bitjarn frå vikingtida Den som skal lafte, treng ein reiskap attåt øksa for å få stokkane tett i hop. Frå gamalt var det ein med eller eit medrag.
Restaurering Med øks reiste dei bygningsarven Med øks bygde dei sine hus og sine båtar. Dei felte, kappa og delte tre med øks som einaste bitjarnet. Bygningsarven vår er i stor grad reist med tømmermannsøksa som viktigaste hjelpemiddelet. For dei som vil vøle eldre trebygningar, er det uråd å komme utanom denne reiskapen.
Restaurering Storfjorden: Elden slokna – kulturarven livnar til att På 43 år har Storfjordens Venner restaurert eller reist kopiar av 150 bygningar på 34 gardsbruk langs dei indre fjordane på Sunnmøre.
Restaurering Ny glans over 1800-talstun på Setskog Dei har funne sin plass på jorda, Victoria Brand Munthe-Kaas og Lars Munthe-Kaas. Staden er garden Skjeggenes på Setskog i Aurskog-Høland. Etter nokre omflakkande år er dei no komne heim – til eit tun dei ikkje visste om før i 2017.
Restaurering Restaurert finneplass i botanisk oase På den gamle finneplassen Mikkelrud nord i Aurskog-Høland har Anne-Lise Torvund og Tore Ovlien restaurert tunet, og dei held liv i rike blomsterenger av den høgste verdi på innmarka. Rundt sju veker tek det, kvar sommar, å slå og tørke graset.
Restaurering Renessanse for kalkmørtel i vegger av stein No brenner dei igjen kalkstein rundt om i landet, så langt mest til restaureringsarbeid.
Grunn klimapolitikk Klimatiltaka skal trengje vekk fossil energi og setje andre drivkrefter i staden. Er det gjennomførleg? Er det forsvarleg?
Ein veg til klimapolitisk skorfeste Med utgreiinga Klimakur 2030 har Miljødirektoratet lansert 60 tiltak som kan halvere klimagassutsleppa frå verksemd som ikkje har kvoteplikt. Men er det gjennomførleg? Og hjelper det vêrlaget?
Restaurering Nye fundament under lang tids soge Det var anten eller: å la husa falle i hop eller å gå i gang med å rette dei opp. Torild og Amund Nedreberg valde det siste i eit tun med så mykje gamalt at ikkje mange har noko liknande i distriktet.
Restaurering Dei løfter Bryggen i Bergen for nye 200 år Bryggen i Bergen står for det meste på areal som var salt sjø då Olav Kyrre skal ha grunnlagt byen i 1070.
Restaurering Eit gamalt tun nyreist i blomstereng Dei fekk ord på seg for å vere galne. Berit og Arne Nefstad ville restaurere tunet på Sørre Hemsing i Valdres. Forfallet var kome langt då dei tok over garden i 1995.