Reportasje Luccas andlet LUCCA: For mellomaldermennesket var krusifikset Volto Santo ei sann attgjeving av Kristi andlet.
Kunst Romansk ekstravaganse LUCCA: Venleiken til San Michele-kyrkja ligg i det plastiske steinhoggararbeidet som yrer av utkropne detaljar.
Kunst Antikrists ugjerningar ORVIETO: I domkyrkja skapte Signorelli si fengjande framstilling av ein falsk profet med Satan sjølv som sufflør.
Reportasje Ei draumeverd i stein TIVOLI: Hadrians villa var ein geografisk temapark der kunst, arkitektur og landskap frå heile Romarriket blei attskapt.
Reportasje Kardinalens tivoli TIVOLI: I Villa d’Este blir skiljet mellom kunst og natur oppløyst i vatn.
Kunst Heilagdom i betong PALESTRINA: Med Fortuna Primigenia-tempelet fridde romarane seg frå hevdvunnen byggjeskikk og omskapte for fyrste gong eit naturleg høgdedrag til kolossalarkitektur.
Kunst Klangen av Cremona CREMONA: Å tre inn i fiolinmuseets skattkammer, der gullalderinstrumenta blir oppbevarte, er som å møta ein hær av generalar.
Kunst Kvintetten på rådhusplassen CREMONA: Den 2200 år lange byhistoria byr på meir enn berre fiolinar. Under jorda skjuler det seg romerske mosaikkar, og kring rådhusplassen står fem monument frå stordomstida i mellomalderen.
Reportasje Rafaels englar PIACENZA: Då den saksiske kurfyrsten henta «Den sixtinske madonna» til Dresden, omskapte han måleriet frå liturgisk objekt i kyrkja til eit estetisk kunstverk i museet.
Kunst Kyrkjestriden SIENA: Krigane mellom italienske bystatar blei utkjempa med våpen og skjold, men òg med hammar og meisel.
Kunst Den ærverdige ukjende BERGAMO: «Å flytta på éin einaste stein ville vore eit brotsverk», hevda arkitekten Le Corbusier om Piazza Vecchia, Bergamos eldste allmenning.
Kunst Ulven frå Rimini RIMINI: Den kunstelskande krigsherren Sigismondo Malatesta myrda dei to fyrste konene sine. Til den tredje bygde han eit tempel.
Kunst Grotesk i Vatikanet ROMA: Då Rafael i 1517 smykka ut loggiaane i Vatikanpalasset, la han grunnlaget for den mest ynda dekorasjonsforma i renessansen.