Restaurering Forfallet tapte i klyngetunet på Hjølmo Som eit øksehogg 700–800 meter ned i Hardangervidda går Hjølmodalen sørover frå Øvre Eidfjord. Nesten i botnen, mellom stupbratte berg, ligg eit tun med sju bruk på garden Hjølmo. 22 menneske budde her like etter krigen. Dei siste flytta vekk i 1971.
Restaurering Nye gleder i nyvølt hus bygt av jord På Liland, ikkje langt frå Singsås i Gauldalen i Trøndelag, sit Per Bjørn Foros smilande i eit restaurert hus av stampa jord. Romma fyller hans økologisk innretta sjel med glede. Han kallar det sitt slott.
Restaurering Frå kamparena til kultursentrum i Melhus Det måtte kamp til for å berge den herskapelege prestegardslåna i Melhus. På 1980-talet var det planar i kommunen om å rive bygningen. Sterk lokal innsats tok til motmæle, og i 1996 freda Riksantikvaren huset og hagen.
Restaurering Å hogge ved – eit mangesidig handverk For han eller ho som vil lære å handtere bitjarn eller andre reiskapar med nevane, er det god øving å kløyve ved med øks. Det vi lærer med éin reiskap, hjelper oss til å meistre ein annan.
Restaurering Frå minne til mjøl på kvern i Lesja På sørvestsida av Lesja-dalføret har Lesja historielag restaurert ei heil samling av hus som dei kallar eit industrihistorisk kulturminne. Dette har dei gjort på dugnad, ein flokk eldre menn som meistrar både reiskapane og byggjeteknikken.
Restaurering På nytt er det varme i trønderlån frå 1740 Det kunne gått gale på garden Forberg på Ytterøya i Levanger kommune. Åshild Bjørgum Øwre og Per Anders Øwre ville restaurere den gamle låna. Før arbeidet starta, meinte ein snikkar at dei måtte kjøpe nye takstolar til heile huset.
Reportasje Nordens Jerusalem VILNIUS: Lyrikaren Indre Valantinaite er omsett til sytten språk. Den nyaste boka tek føre seg lagnaden til jødane i byen.
Restaurering Eit nyvølt loft i Bykle På garden Haugen i grenda Breive vest for Hovden nord i Setesdalen er juvelen i tunet, eit gamalt loft, nyleg restaurert og reist på nytt.
Restaurering Nyvølt steinfjøs Dei hadde restaurert og bygt nytt på garden dei bur på, Huden. Då Randi Flåten i 2016 fortalde mannen at ho hadde kjøpt Sygard Svare, fekk han, Steinar Håkenstad, meir å ta tak i.
Restaurering Hus etter 150 års strev er berga i Vågå På 44 år har Knut Arild Teigum fått skikk på tolv hus i tunet og to på setra åt Grevrusten, ein einbølt gard i skogen på nordsida av Vågåvatnet.