🎧 Då menneskehjarta forandra seg
Alle katastrofar er ulike, men dei har noko til felles. Etterpå kan det synast rart at ikkje fleire såg kor det bar. Men vi er laga for å leve som om morgondagen vil likne på i dag. Sigrid Undsets skildringar av Oslo i dagane før 9. april 1940 er eit godt døme på dette.
Teikning: May Linn Clement
Teikning: May Linn Clement
Lytt til artikkelen:
Laurdag den 6. april 1940 forelas Sigrid Undset i Studentersamfunnet i Oslo. Tittelen var «Kristendommen og vår tid», og det var til dels ein polemikk mot ei bok av Ronald Fangen med same tittel. Han var knytt til Oxfordrørsla, som freista å nytte «kristen ånd» i samfunnskonfliktar som motvekt til tidas sekulære og totalitære ideologiar. Undset var minst like kritisk som venen Fangen til nazisme, kommunisme og det ho kalla «sjølvgod humanisme». Men i Studentersamfunnet feia ho golvet med Fangens idear om ein «kristen verdsrevolusjon». Ein slik modernisert og samfunnsaktuell kristendom representerte ein verdsfjern optimisme som var langt unna det ho stod for. For at ein slik revolusjon skulle kunne bli mogleg, måtte det oppstå ei heilt ny innstilling til livet og Gud. Undset såg ingen teikn til noko slikt i samtida. Tvert om, det «åndelege Ragnarok» var i full gang, sa Undset tre dagar før 9. april. Det hadde kome mykje lenger og var langt meir styrlaust enn både «dei gode heidningane» (humanistane) og velmeinande kristne hadde sett for seg. Som konservativ, til og med reaksjonær katolikk var religion for Undset ikkje ideologi, men noko intimt og mystisk.
I boka Tilbake til fremtiden (1942) nemner Undset at ho var i Studentersamfunnet, men ho skriv ikkje eit ord om innhaldet i foredraget. I staden for «kva sa eg», startar ho boka nærast i sagastil og fortel om korleis urnordmennene rydda landet og gjorde det til sitt, gjennom hardt arbeid i fem tusen år, under stupbratte fjell og hengande isbrear, for å få seg eit «karrig livsopphold, i kamp med steinskred og sneskred og flom, i kamp med villdyr, i kamp med et klima som byr oss ni måneder vinter […]». Kort sagt: Vi bygde landet, og blei eit fritt og fredeleg folk – i kamp. No er Noreg blitt overfalle, og det er rett tid for meir kamp enn nokon gong før.
Etter dette første kapittelet skiftar Undset stil og blir ein sansande og observerande reportasjejournalist, der små og talande situasjonar får fram korleis det kjendest å vere der, i Oslo rett før invasjonen.
Undset skreiv Tilbake til fremtiden i New York, etter å ha flykta jorda rundt. Boka blei ferdig eit drygt år seinare. Det er lang tid. Men Undsets skildring er kanskje den mest spontane og livfulle vi har frå desse dagane i april 1940.
Etter foredraget på Studentersamfunnet gjekk Undset og søstera Signe på ein soaré med musikk og opplesing gitt av finske kunstnarar, til inntekt for Finlandshjelpen. Vinterkrigen mot Russland var slutt nokre veker tidlegare. Det var enno naud i Finland, som måtte ta imot fleire hundre tusen flyktningar frå Karelen. Undset støtta ikkje berre Finland med pakkar til finske kollegaer. Ho skreiv ikkje berre avisartiklar og deltok i organisert arbeid. Ho auksjonerte bort nobelmedaljen sin, som var av reint gull (fabrikkeigar Johan Andersen gav 25.000 kroner for han), og donerte alle inntekter frå omsetjinga av 1700-talsromanen Madame Dorthea (1939). Alt gjekk til Finlandshjelpen. Heime på Lillehammer hadde Undset lenge hatt dei to finske småungane Elmi og Toimi buande.
Eit naboland var blitt angripe av ei aggressiv stormakt. Stemninga i Oslo var spent, men knapt nokon såg føre seg at det same kom til å skje i Noreg berre eit par døgn seinare. Heller ikkje dei «som først og fremst skulle ha vært våkne», skriv Undset, retta mot Noregs regjering og Storting. Det fanst ingen beredskap. Nokre ivrige unge menn og gutar arrangerte militær trening på eige initiativ. Vi var jo nøytrale, og utanriksminister Koht nekta å tru på åtvaringar om at tyskarane var på veg. Truverdige kjelder plasserte solide etterretningar i fanget hans, men han nekta å høyre. Det som var i ferd med å skje, kom som eit sjokk på heile den norske regjeringa.
Undset hadde planlagt å bli verande i Oslo nokre dagar, for å vere saman med vener og sønene Anders og Hans. Måndag 8. april var avisene fylte av indignerte oppslag fordi England hadde krenkt norsk suverenitet. Undset skriv: «Da aftenavisene bragte meddelelsen om at en tysk flåte på mer enn hundre skib av forskjellige typer styrte nordover gjennom de danske sund, ville de færreste av oss tro det betydde annet enn at det store sjøslaget i Nordsjøen, som ryktene hadde hatt det travelt med hele vinteren, omsider skulle bli virkelighet.»
Undset gikk til sengs på Bondeheimen, der ho alltid budde når ho vitja Oslo, anten ho var ein blakk tenåring eller bestseljande forfattar, nobelprisvinnar og millionær. Sirenene tok til å ule ved halv eitt-tida. Ho gjekk ned trappene til hovudinngangen, der andre gjester og tilsette hadde samla seg. Dei gjekk i kjellaren. Sjølv no, mens «Blücher» var på veg inn Oslofjorden, innsåg ingen kva som var i ferd med å skje. Kunne det vere ei øving? Hadde sjøslaget kome over på norsk territorium?
Etter ei stund kom klarsignalet, og folk kunne gå tilbake til romma sine og legge seg. Ikkje lenge etterpå gjekk alarmen på ny. No blei folk sittande i resepsjonen, og utpå natta kom hotellgutar med ferske flygeblad. Lufthamnene Fornebu og Kjeller var blitt bomba, stod det. Det var kamp mellom kystfort og tyske krigsskip i Oslofjorden.
Gjestene høyrde motordur, dei stakk hovudet ut på gata og kikka opp. Undset og dei andre fekk for første gong i livet auge på bombefly. Det er skyting og drønn frå luftverngranatar. Ho skal om eit par veker få sjå fleire krigsfly, og nokre siktar rett på henne.
Neste morgon gjekk ho sin vane tru den korte vegen frå Bondeheimen til morgonmesse i St. Olavs kyrkje. Under messa høyrdest skotsalvar og flydur. Etterpå tok ho og sonen Hans ein drosje for å finne eldstesonen Anders. Han hadde freista å bli soldat, men hadde fått beskjed om at det var for seint å mobilisere i Oslo. No skulle han hjelpe nokre andre gutar med å kome seg til garnisonar nord for byen. I bilen mot Østbanen (Oslo Sentralstasjon) kom ei improvisert gudsteneste over radioen. Eit kor song «Vår Gud han er så fast en borg». Då det nådde verset «Vår egen makt er intet verdt», tok Hans til å storskratte.
På Østbanen var det kaos, men undsetane kom seg på eit fullstappa tog mot Lillehammer. I kupeen til Undset var det mange ungdomar som hadde reist frå omlandet til Oslo for å gå i krigen. Dei ville «salte ned» tyske soldatar, men blei sende heim att. Somme freista å melde seg på nytt til teneste ved Jessheim og andre militærleirar langs jernbanen. På perrongen i Hamar stod rådville stortingsmenn. Først seint på kvelden når toget fram til eit mørklagd Lillehammer.
Anders kom heim til Bjerkebæk same kveld. Han seier han skal i krigen. Mora støttar han. Dei neste dagane rykker tyskarane stadig nærare. Eit tysk bombefly krasjlandar på ei eng på oppsida av Bjerkebæk, der OL-hallane ligg no. Kapteinen skyt seg, resten av mannskapet blir tatt til fange. Anders melde seg på Jørstadmoen, rett nord for Lillehammer, med desse avskjedsorda: «Farvel så lenge. Du må ikke være redd for meg mor – du vet, vi i saniteten er det ingen fare med.» Undset kjente tvil om det. Men ho sa ingenting.
Stemninga på Lillehammer er heilt annleis enn den normale. Folk er urolege og i uvisse. Ein må tenke nøye over kven ein kan ha tiltru til. Og: Kvifor bur det mange sivile tyskarar på hotell i byen? Spionar og agentar, kanskje. Kvar og korleis vil folk stå når tyskarane kjem? Som om Undset ikkje har nok, må ho ta inn ein katolsk tysk prest, men no foraktar ho alt tysk så mykje at ein opposisjonell prest på flukt går med i dragsuget.
Dei finske fosterbarna Elmi og Toimi blir plasserte hos ei veninne på ein gard i Gausdal, for der måtte dei vel vere trygge? Eit par sider seinare kjem det: «Ikke to uker efter måtte folket evakuere denne gården, da motoriserte tyske tropper trengte ned gjennom dalen fra tre kanter. Og under kampene om broen nede over elven falt Anders, idet han holdt på å bringe tre maskingevær i posisjon på elvebakken.»
Her rykker ein til som lesar, særskilt om ein ikkje kjenner historia godt nok. For dette er alt Undset nemner i denne delen av boka om at den eldste son hennar blei drepen under kampane ved Segalstad bru i Gausdal. Her viser Undset stor sjølvdisiplin som forfattar. Fråværet av sorg i teksten legg her synleg eit teknisk dilemma som finst i alle reiseskildringar: Reiseskildraren vil skape ein illusjon av samtid der reisa skrid fram lineært, både temporært og spatialt. Men forfattaren har sjølvsagt skrive boka etter at reisa er over, omgitt av andre bøker, og etter å ha fordøydd opplevingar og erfaringar for å gjere dei om til tekst.
Og då Undset måtte flykte frå Lillehammer, var sonen enno ikkje død. Like fullt: Eg trur dei fleste hadde gjort mykje meir ut av det, både på dette og seinare stadium i boka, enn den notorisk usentimentale Undset. Seinare i boka ber ho indirekte om at norske søner skal ofrast i stor skala, i kampen mot fascismen. Då måtte ho vere stoisk rundt sine eigne tap og ofringar.
Anders Castus Svarstad jr. kom til verda i Roma 24. januar 1913. Undsets førstefødde var ein vakker gut. Men kvifor blei han berre tynnare og tynnare veke for veke, heilt til det stod om livet? Etter råd frå ein norsk lege tok Undset guten med til Noreg. Det blei ei lang togreise, men etter nokre veker i Noreg friskna Anders til. Det lykkelegaste fotografiet eg kjenner av Sigrid Undset, er frå denne tida. Ho held Anders, som er blitt rund og god.
Etter Anders’ ungdomstid på Lillehammer, med idrett og friluftsliv, hadde han i 1935 reist til Birmingham for studere til bilingeniør. Før han drog, tok han ei kort utdanning som underoffiser, slik at det var ein sjølvsagd ting å melde seg då krigen kom. Hans livsbane blei brått stansa av ei tysk kule i Gausdal den 27. april 1940. Året etter at Anders blei fødd, skreiv Undset (i artikkelen «Det fjerde bud»): «Jeg vilde hellere vite min søn liggende død og sønderflengt på den jord, som endnu var hans folks, da han segnet, end at han skulde leve og kjæmpe i et undertvunget land.»
På Nørholm sat ein annan nobelprisvinnar. Knut Hamsuns reaksjon på den tyske invasjonen er jo med nesten matematisk presisjon den motsette av Sigrid Undsets. Medan Undset oppfordra til mobilisering og taust dytta sønene sine i krig mot tyskarane, skreiv Hamsun oppropet «Kast børsa og gå hjem» til norsk ungdom. Han gjorde sin eigen son til kollaboratør.
Hamsuns englandshat var like intenst som Undsets hat til Tyskland. Undset kunne ikkje utstå personen Hamsun, og heller ikkje bøkene hans. Relasjonen betra seg ikkje etter Ossietzky-saka i 1935. I Aftenposten hånte Hamsun den tysk-jødiske dissidenten, pasifisten og nobelprisvinnaren Carl von Ossietzky, som ikkje tok imot prisen fordi han var i konsentrasjonsleir i Tyskland, der han døydde i 1938. Undset var formann i Den norske Forfatterforening (DNF) og organiserte eit forfattaropprop mot Hamsun. Det var ekstraordinært, sidan DNF skulle vere politisk nøytral. Det næraste vi kjem i dag, er DNFs annullering av «straffa» nokre forfattarar fekk av foreininga etter krigen, men det verkar dårlegare grunngitt og gjennomtenkt enn aksjonen Undset sette i verk.
Undset gav nobelprismedaljen sin til Finlandshjelpen. Hamsun gav sin til Josef Goebbels med helsinga: «Jeg vet ingen som så utrettelig år efter år har skrevet og talt Europas og menneskehetens sak så idealistisk som De, hr. Reichsminister.»
Dei to forfattarane heldt fram med å vere ekstreme ytterpunkt til krigens siste dagar, då Hamsun skreiv Hitler-nekrologen sin, rett før han blei arrestert. Du har nok lese det før, men du toler det ein gong til:
«Han var en Kriger, en Kriger for Menneskeheden og en Forkynder av Evangeliet om Ret for alle Nasjoner. Han var en reformatorisk Skikkelse av høieste Rang, og hans historiske skjebne var den, at han virket i en Tid av eksempelløseste Raahet, som tilslut fældte ham.
Slik tør den almindelige Vesteuropæer se på Adolf Hitler. Og vi, hans nære tilhengere, bøier nu vaare hoder ved hans død.»
Undset, derimot, hadde i mange år nærma seg ein slags Hitler-sjikane som sjanger. Då det den 20. april var klart at tyskarane hadde brote gjennom dei norske linene og hadde fri veg til Lillehammer, var det på høg tid å kome seg bort. Fort. Undset var kanskje Noregs mest kjende antinazist og formann i Den norske Forfatterforening. I Tyskland hadde mange av bøkene hennar selt i fleire hundre tusen eksemplar, før ho blei svartelista av nazistane i 1933. Ho lét sjeldan ein sjanse gå frå seg til å kritisere naziregimet. Alle dei tyske venene hennar var antinazistar, og ho korresponderte aktivt med dei. Då ho i 1935 skreiv ein artikkel mot rasetenking, antisemittisme og sjåvinistisk nasjonalisme i eit tyskspråkleg (sveitsisk) katolsk tidsskrift, engasjerte Joseph Goebbels seg personleg. No blei det forbode å nemne namnet hennar i tyske aviser.
At tyskarane ville la den verdskjende forfattaren i fred på Bjerkebæk, var svært lite sannsynleg. Ho kom til å bli fengsla og kanskje brukt i «fake news»-propaganda. I siste augneblink reagerte norske styresmakter. Ho måtte nordover. Etter ei natt med brenning av personlege brev og dokument, lånte ho hundre kroner av hushalderska si, for bankane var stengde og ho hadde gitt bort alt ho hadde av kontantar til andre i knipe. Så starta flukta nordover.
La meg avslutte denne delen med nokre ord om mitt forhold til Sigrid Undset. Ho har aldri vore nokon favoritt, for å seie det varsamt. Som ung prøvde eg meg, Undset var pensum. Men (det eg oppfatta som) svermeriske romanar frå Gudbrandsdalen i mellomalderen hadde ingenting å by ein ung mann frå Finnmark. Seinare, etter at eg tok utdanning (som idéhistorikar) og blei vaksen, endra lite seg. Det sitatet av Undset som dukkar opp oftast er: «Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.» Kvar gong eg ser det, krympar det seg i meg, for det verker så grunt og ahistorisk.
Eg kan minnast å ha høyrt Sigrid Undset bli kalla «ei bister kjerring», og eg kan ikkje garantere at det var nokon andre enn eg som sa dei. Tilbake til fremtiden gir meg eit heilt anna bilete av Undsets språk, personlegdom og idéverd, skjønar eg etter å ha lese nokre få kapittel. Kvifor er denne boka blitt borte for meg, som trur eg kjenner alle norske reiseskildringar? Hamsuns sjølvmedlidande og ansvarsfråskrivande memoarar På gjengrodde stier er jo ein inngrodd del av den norske kanon? Tilbake til fremtiden kom på norsk i 1945 og har etterpå berre vore trykt opp éin gong som enkelttittel (i 1949). Tida er hard med dei fleste bøker. Ja, heile forfattarskap som ein gong verka vesentlege, blir som oftast ståande evig parkert i si eiga samtid.
Men kvifor gløymde vi Tilbake til fremtiden, den kanskje beste skildringa av krigsutbrotet, av den same krigen som vi aldri går lei av å lese om, der vi får ei drivande flukt jorda rundt med på kjøpet?
Det må vi kome tilbake til. På den lange vegen frå Lillehammer til New York, via Sverige, Russland og Japan.
Morten Strøksnes
Morten Strøksnes er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Kvifor gløymde vi den kanskje beste skildringa av utbrotet av den same krigen som vi aldri går lei av å lese om.
Tilbake til framtida
Då Tyskland invaderte Noreg 9. april 1940, var Sigrid Undset i Oslo. Nobelprisvinnaren kom seg heim til Lillehammer, men ti dagar seinare stod tyske styrkar rett sør for byen. Den kjende antinazisten Undset måtte flykte nordover. Med bil, båt, tog, fly og på slede reiste ho mest jorda rundt: Oslo–Lillehammer–Gudbrandsdalen–Åndalsnes–Mo i Rana–Sverige–Russland–Japan–San Francisco–New York.
Om fluktreisa våren og sommaren 1940 skreiv Undset boka Tilbake til fremtiden (utgitt først i USA i 1942, Return to the Future).
I denne serien tek forfattaren Morten A. Strøksnes føre seg reisa og boka, som han meiner er ein gløymd klassikar. Essayet bygger på eit foredrag ved Undset-senteret på Bjerkebæk i fjor haust.
Del 1 av 5